St.prp. nr. 45 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 140/2002 av 8. november 2002 om endring av protokoll 37 i og vedlegg II til EØS-avtala ved tilpassing til forordning (EF) nr. 141/2000 om lækjemiddel mot sjeldne sjukdommar

Til innhaldsliste

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Forordning (EF) nr. 141/2000 er gjennomførd i forskrift av 22. desember 1999 nr. 1559 om lækjemiddel, § 14-8. Avgjerd i EØS-komiteen nr. 140/2002 gjennomfører den praksisen som alt er innførd for norsk deltaking i komiteen for sjeldne lækjemiddel (COMP). Avgjerda krev ingen endringar i norsk lovgjeving.

Det er fastsett at EFTA-EØS-statane skal gje økonomisk støtte til arbeidet i komiteen i samsvar med den alminnelege ordninga i EØS-avtala, jf. artikkel 82 nr. 1 a) i avtala. Ut frå kostnadene ved ordninga i dei åra som ho har eksistert, vil støtta frå Noreg kome på mellom ein halv og éin million kroner per år. Utgiftene vil bli dekte innanfor budsjettet til Helsedepartementet.