St.prp. nr. 45 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Budsjettet til senteret for skipingsåret 2005 er rekna ut til å vere på om lag 39,5 millionar kroner (4,753 millionar euro). For 2006 er budsjettet på om lag 118,5 millionar kroner (14,3 millionar euro). Tilsvarande tal for 2007 er på om lag 239 millioner kroner (28,8 millionar euro). I 2005 er senteret, som vert etablert i slutten av mai, i drift berre i om lag eit halvt år. Den generelle budsjettauken frå 2006 til 2007 kjem av at senteret er i ein oppbyggingsfase, og dette fører med seg auka aktivitet og ressursbruk. På grunnlag av artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala vil EØS-EFTA-statane i 2005 til saman gje om lag 832 000 kroner (100 288 euro) for deltaking i senteret. Dette tilsvarar 2,11 % av det totale budsjettet til senteret. Av denne summen vil Noregs yting vere om lag 95 %, dvs. om lag 790 000 kroner (basert på kursen 1 euro = 8,30 kroner). For dei neste åra vil den norske kontingenten - basert på ei førebels utrekning frå Kommisjonen - auke til om lag 2,4 millionar kroner i 2006 og om lag 4,8 millionar kroner i 2007.

Senteret er omtala i St.prp. nr. 1 (2004-2005) kapittel 703, Internasjonalt samarbeid. Kostnadene som er knytte til deltaking i senteret, vert dekte over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet kapittel 703, Internasjonalt samarbeid, post 21. Helse- og omsorgsdepartementet vil dekkje meirutgiftene innanfor ei eiga ramme også for seinare år.

Slik det går fram av avgjerda i EØS-komiteen vil det vere mogleg for EØS-EFTA-statane å plassere nasjonale ekspertar ved senteret. Løn og godtgjersle til desse kjem i tillegg til årskontingenten. Desse utgiftene vert òg dekte over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet (kapittel 703, Internasjonalt samarbeid).

Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.

Til forsida