St.prp. nr. 49 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 87/97 av 9. desember 1997 om endring av vedlegg II (tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (energi) til EØS-avtala

Til innhaldsliste

2 Nærare om direktivet

Direktivet gjeld nye nettdrivne hushaldskjøleskap, -fryseskap og -fryseboksar eller kombinasjonar av slike som er meinte for næringsmiddel. Kjøleutstyr til kommersiell bruk fell utanfor verkeområdet til direktivet. Ifølgje artikkel 2 kan kjøleskap, frysarar og kombinasjonar av slike omsetjast berre dersom elektrisitetsbruken er mindre enn eller lik den største tillatne energibruken for kategorien. Direktivet fastset metoden for utrekning av slik energibruk. Produsenten er pålagd å opplyse om energibruken, og det skal gjerast i form av CE-merking. Direktivet gjev detaljerte reglar for korleis CE-merkinga skal vere utforma. Etter artikkel 3 kan det ikkje nektast å omsetje i ein medlemsstat eit apparat som er påført CE-merking. Unntak frå denne regelen gjeld berre dersom ein kan påvise at CE-merkinga ikkje samsvarar med eigenskapane til produktet. Direktivet inneheld reglar for kva slags prosedyrar ein i så fall skal følgje. Innan fire år etter at direktivet vart vedteke (det vil seie hausten 2000), skal Kommisjonen vurdere dei resultata ein har oppnådd med direktivet, og skal i samråd med dei partane det gjeld, vurdere om det må fastsetjast nye tiltak.