St.prp. nr. 49 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 87/97 av 9. desember 1997 om endring av vedlegg II (tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (energi) til EØS-avtala

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 87/97 av 9. desember 1997 om endring av vedlegg II (tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (energi) til EØS -avtala.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 87/97 av 9. desember 1997 om endring av vedlegg II (tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (energi) til EØS-avtala i samsvar med eit framlagt forslag.

Tilråding frå Utanriksdepartementet ligg ved.