St.prp. nr. 49 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 87/97 av 9. desember 1997 om endring av vedlegg II (tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (energi) til EØS-avtala

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Dei produkta som direktivet omfattar, vert ikkje framstilte i Noreg i dag. Det er såleis gjennom import av produkta at direktivet vil kunne få følgjer i Noreg. Dei ekstra kostnadene for produsentane vert venteleg små, ettersom krava til energieffektivitet langt på veg alt er oppfylte. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå ein mindre kostnadsauke som for norske forbrukarar kan medføre ein liten prisauke. Kostnadene kan på få år eller snøggare tenast inn gjennom redusert elektrisitetsforbruk. Redusert energiforbruk er òg ei vinning for miljøet og samfunnet. Dersom direktivet ikkje vert teke inn i EØS-avtala, risikerer ein at Noreg vert ein dumpingplass for mindre effektive apparat. Dersom direktivet vert innlemma, vil ein innføre ei tilsynsordning. Det er ikkje endeleg avklara korleis tilsynet skal organiserast. Det kan vere naturleg at Olje- og energidepartementet og Noregs vassdrags- og energidirektorat får det overordna ansvaret for tilsynsverksemda. Dersom gjennomføringa av direktivet skulle krevje løyvingar, vil desse verte dekte innafor ramma av budsjettet til Olje- og energidepartementet.