St.prp. nr. 5 (2008-2009)

Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og om utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett

Til innhaldsliste

4 Sentrale utviklingstrekk i marknaden

Gjennom 2008 var det ein betydeleg oppgang i kortsiktige marknadsrenter i Noreg, mens dei langsiktige marknadsrentene har svinga mykje gjennom året. Oppgangen i dei korte rentene hang saman med at Noregs Bank i to omgonger sette opp styringsrenta frå 5,25 pst. til 5,75 pst. Styringsrenta vart sett opp for å dempe tendensane til auka inflasjon. Noregs Bank sette den 15. oktober ned styringsrenta til 5,25 pst. og viste til at stor uvisse om den økonomiske utviklinga tilseier ein meir aktiv pengepolitikk enn vanleg.

Den uroa i finansmarknaden som viste seg i USA frå sommaren 2007, spreidde seg gjennom 2008. Overslaga på tap i banksystemet auka. Sjølv i land der det var liten grunn til å tru at bankane hadde eksponering mot dårleg sikra utlån, såkalla subprime-lån, steig bankane sine innlånsrenter og dermed rentene i pengemarknaden der bankane skaffar seg kortsiktig finansiering. Problema i pengemarknaden kom mellom anna til uttrykk gjennom ein aukande skilnad mellom pengemarknadsrenter på den eine sida og sentralbankens styringsrente og rentene på statspapir på den andre sida. Denne utviklinga skaut fart etter at fleire større finansinstitusjonar i USA måtte reddast av den amerikanske staten, og spesielt etter at ein stor investeringsbank i USA måtte innstille drifta i midten av september. Dei heilt korte pengemarknadsrentene har svinga mykje og har vore oppe i over 8 pst. Den 16. oktober hadde dei heilt korte rentene falle, og 3 månaders pengemarknadsrente låg på under 6,5 pst.

Dei langsiktige norske rentene følgjer normalt dei internasjonale lange rentene tett. Slik har det vore også gjennom 2008. Tidleg på året fall dei lange rentene fordi den internasjonale finansuroa auka etterspørselen etter sikre papir. Også resten av året har endringar i investorane sin risikovilje vore med å påverke dei lange rentene i takt med endra syn på omfanget av finansuroa. Frå våren og utover bidrog også aukande inflasjon internasjonalt til at lange renter steig, men frå sommaren har forventningar til redusert vekst i verdsøkonomien og flukt til sikre papir ført til at lange renter har falle.

Til forsida