St.prp. nr. 5 (2008-2009)

Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og om utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett

Til innhaldsliste

7 Opplåninga

Statens opptak av lån i den innanlandske marknaden skjer gjennom auksjonar av statsobligasjonar eller statskassevekslar. Statsobligasjonar er langsiktige lån med opphavleg løpetid på over eitt år, medan statskassevekslar er kortsiktige lån med opphavleg løpetid på inntil eitt år. Kursen i ein auksjon blir for tida fastsett etter prinsippa for såkalla hollandsk auksjon eller einsprisauksjon. I ein slik auksjon vil dei som har gitt aksepterte bod få tildelt obligasjonar eller vekslar til den lågaste aksepterte kursen. Statspapira har pålydande 1 000 kroner og kan kjøpast av alle gjennom verdipapirføretak og bankar.

7.1 Langsiktige lån

Statens opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 hovudsakleg skjedd gjennom auksjonar av obligasjonar. Det blir lagt vekt på å konsentrere opplåninga om eit fåtal lån spreidde over fleire løpetidssegment opp til 10-11 år. Eit nytt obligasjonslån med om lag 11 års løpetid blir normalt opna kvart 2-21/2 år og blir etter kvart bygd opp til relativt store volum. Med denne strategien søkjer staten å bidra til ein likvid og velfungerande andrehandsmarknad,jf. avsnitt 5.2. Det er for tida seks referanselån i marknaden, jf. tabell 7.1.

Tabell 7.1 Statsobligasjonar. Uteståande i referanselån per 16. oktober 20081

BørsnummerFørste gong lagt utForfallNominelt pålydande beløp (mill. kroner)Kupongrente (pst.)
NST46826.01.9815.05.0944 9515,50
NST46909.06.0016.05.1143 8506,00
NST47027.05.0215.05.1348 2446,50
NST47127.05.0415.05.1536 8255,00
NST47219.05.0619.05.1723 4374,25
NST47322.05.0822.05.1912 7004,50

1 Inkluderer statens eigenbehaldning til bruk i marknadspleia.

Kjelde: Finansdepartementet.

Så langt i 2008 har det vore avvikla seks auksjonar, med eit samla volum på 24,7 mrd. kroner. Resultat av auksjonane i fjerde kvartal i fjor og hittil i år er oppsummert i tabell 1.1 i vedlegg 1.

Ein indikator på kor vellukka ein auksjon har vore, er den effektive renta ein har oppnådd i auksjonen sett i forhold til rentenivået i andrehandsmarknaden på same tidspunkt. Ei slik samanlikning er enklast å gjere i dei tilfella der ein utvidar eit lån som allereie er prisnotert i marknaden. Det normale i ein auksjon av norske statsobligasjonar er at den effektive renta ein oppnår ligg mellom kjøps- og salsrenta i andrehandsmarknaden på auksjonstidspunktet.

Den gjennomsnittlege renta i auksjonane hittil i år har vore 79 rentepunkt lågare enn midtrenta i rentebytemarknaden. I 2007 var renta i gjennomsnitt 64 rentepunkt under midtrenta. Uroa i finansmarknaden har verka til at skilnaden mellom statsobligasjonsrenta og swaprenta har halde seg høg i 2008.

Det er viktig for staten at det er interesse for auksjonane slik at ein kan oppnå best mogleg resultat i form av låge lånekostnader. Ein måte å måle denne interessa på er forholdet mellom samla bodvolum og volum som blir lagt ut i auksjonen («bid-to-cover»). I dei auksjonane som har vore gjennomførde hittil i år har dette forholdstalet variert mellom 1,5 og 5,2.

7.2 Kortsiktige lån

7.2.1 Statskassevekslar

Opplåninga i marknaden skjer gjennom sal av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente der avkastninga er knytt til underkursen dei blir lagde ut til. Med dagens opplegg blir det opna nye veksellån med 12 månaders løpetid fire gonger i året. Forfall er knytt til oppgjersdato for standardkontraktar i dei internasjonale marknadene, såkalla IMM-datoar. Den kortsiktige opplåninga er med på å sikre det kontantbehovet staten har for transaksjonsformål, samstundes som den bidrar til eit komplett tilbod av statspapir med ulike løpetider. I tillegg er den kortsiktige opplåninga lagt opp slik at ein tek omsyn til balansen i pengemarknaden.

Jamfører ein resultatet av auksjonane i kortsiktige statspapir med tilsvarande rente i pengemarknaden, ventar ein at renta på statspapir skal liggje under denne, jf. at investeringar i statspapir blir rekna som kredittrisikofrie. Renta staten har oppnådd i auksjonane hittil i år har gjennomsnittleg lege 89 rentepunkt under midtrenta i pengemarknaden på auksjonstidspunktet. I 2007 var renta i gjennomsnitt 38 rentepunkt under midtrenta. Årsaka til at differansen har vore så stor i år er uroa i finansmarknadene, jf. avsnitt 4. Resultat av auksjonane i fjerde kvartal i fjor og hittil i år er oppsummert i tabell 1.2 i vedlegg 1.

7.2.2 Andre kortsiktige lån

Andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og dessutan eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten, jfr. avsnitt 3.2.3.

Per 30. september 2008 var dei totale plasseringane under fullmakta for andre kortsiktige lån nær 74,2 mrd. kroner. Ein har då ikkje rekna med kontolån frå ordinære fond (kontogruppe 81 i statsrekneskapen) 1 . Den største plasseraren er operatørbanken som forvaltar likviditeten i samband med visse skatte- og avgiftsbetalingar (for tida Nordea). Denne operatørbanken skal etter dagens ordning plassere den likviditeten banken får ved slike statlege betalingar som uforrenta kontolån til staten. Slike kontolånsplasseringar varierer mykje gjennom året. Per 30. september 2008 var det uteståande kontolån på vel 71,8 mrd. kroner under denne ordninga. Hovuddelen av kontolåna frå Nordea er no knytt til ordninga for innbetaling av folketrygdavgift og skatt på inntekt til kommunekasserarane. Desse er pålagde å ha eigen kassefunksjon og eigen bankkonto for innbetalte skatte- og trekkbeløp. Denne skattebetalingsordninga er ikkje omfatta av staten si ordinære konsernkontoordning.

Fotnotar

1.

Kontolån av denne typen er ikkje å rekne som lån i vanleg forstand, mellom anna fordi kreditor, som er eit fond under eit departement, ikkje på noko tidspunkt kan disponere hovudstolen.

Til forsida