St.prp. nr. 53 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet 2008 - Nytt operahus

Til innhaldsliste

2 Status for Prosjekt Nytt Operahus

I St.prp. nr. 1 (2007-2008) Fornyings- og administrasjonsdepartementet vart det gjort greie for at kostnadsramma og styringsramma for Prosjekt Nytt Operahus er sett til høvesvis 4 356 mill. kroner og 3 836 mill. kroner med prisbasis 1. juli 2008. Samstundes vart det lagt fram forslag om å løyve 492 mill. kroner til prosjektet.

I St.prp. nr. 6 (2007-2008) Om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, jf. Innst. S nr. 81(2007-2008) vart løyvinga for budsjettåret 2007 auka med 150 mill. kroner. Samstundes vart Stortinget orientert om at trongen for løyving i budsjettåret 2008 ville bli redusert med tilsvarande 150 mill. kroner, frå 492 mill. kroner til 342 mill. kroner. Denne reduksjonen er enno ikkje lagt fram og vedteken av Stortinget.

Trong for løyving til prosjektet i 2008 er no rekna ut til 642 mill. kroner, dvs. 150 mill. kroner meir en løyvinga i saldert budsjett 2008. Det er samstundes trong for å auke styringsramma med 300 mill. kroner frå 3 836 mill. kroner til 4 136 mill. kroner. Det vil då stå att 220 mill. kroner av uvisse­avsetninga.

Det er per 31. mars 2008 utbetalt 3 690 mill. kroner, mens forplikta beløp utgjer 3 929 mill. kroner. Byggjeprosjektet er i hovudsak ferdigstilt. Attståande arbeid gjeld publikums-, sal- og sceneområda. Arbeid som står att per 31. mars er i hovudsak­uttesting og feilretting av elektrotekniske anlegg, kompletteringsarbeid på teatertekniske anlegg og regulering av ventilasjonsanlegg. Det vil i tillegg vere naudsynt å sluttføre ulikt kompletterings­arbeid i Den Norske Opera og Balletts ferieperiode. Det formelle overtakingstidspunktet for tekniske fag er kontraktfesta til 1. juni 2008, medan tilsvarande dato for teatertekniske leveransar er 1. oktober 2008. I tillegg til den reint tekniske ferdigstillinga og godkjenning av utstyret er det stor merksemd på opplæring av Den Norske Opera og Ballett sine tilsette i bruken av det teater­tekniske utstyret.