St.prp. nr. 53 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet 2008 - Nytt operahus

Til innhaldsliste

3 Årsaka for trong til auka løyving

For å oppretthalde nødvendig produksjon på byggjeplassen reforhandla Statsbygg hausten 2007 kontraktane med fire sentrale entreprenørar frå entreprisekontraktar til avtalar om rekningsarbeid. Dette gav Statsbygg høve til naudsynt påverknad av framdrift gjennom høve til pålegging av overtid, omdisponering av ressursar og ikkje minst høvet til å påleggje entreprenørane å skaffe fleire ressursar. Vidare vart då trongen for å bruke tid og ressursar på kontraktsrelaterte spørsmål minimert, noko som i større grad gjorde det mogleg for Statsbygg å ha merksemd på effektivitet på byggjeplassen. Hadde Statsbygg valt ikkje å reforhandle dei aktuelle kontraktane, kunne det medført forlengd byggetid og dermed auka kostnader. Forseinking av sentrale kontraktar ville dessutan forseinke andre arbeid og gjennom dette gi auka kostnader for prosjektet totalt sett.

På reforhandlingstidspunktet var det økonomisk handlingsrom i prosjektet til å dekkje inn dei meirkostnadene som vart estimerte. I månadsskiftet oktober/november 2007 varsla likevel entreprenørane som det var inngått reforhandla avtalar med, at omfanget av attståande arbeid var vesentleg meir omfattande enn kva som var lagt til grunn i dei reviderte avtalane. Statsbygg har totalt inngått 54 byggjekontraktar. Av desse er det gjennomført sluttoppgjer for 9 kontraktar, medan det er motteke sluttfakturaer frå ytterlegare 10 entreprenørar. I tillegg kjem ei tvistesak med Veidekke Entreprenør AS som det blir gjort greie for i eit eige avsnitt nedanfor. Ut over desse kjem eit monaleg tal kontraktar med arkitekt, rådgivarar, byggjeleiing, vakthald etc.

3.1 Nærmare om auka løyvingsbehov

Grunngjeringa for at det trengst auka løyvingar til prosjektet i 2008 ligg hovudsakleg i desse forholda:

  • Kompleksitet: Det nye operahuset er ein kompleks bygning med svært avanserte tekniske system. Det har vore utfordrande å få til eit fullstendig prosjekterings- og arbeidsunderlag til rett tid, noko som har medført tilleggsarbeid og at arbeid må utførast på nytt. Seine endringar gir uforholdsmessig store konsekvensar for kostnader og framdrift. Dei tekniske leveransane er nært knytte til og integrerte med kvarandre. Forseinkingar på éin kontrakt gir normalt derfor òg konsekvensar for tilstøytande kontraktar. Ressursar hos entreprenørar med serviceliknande oppgåver – t.d. vakthald, stillasleveransar, malarar og reinhaldarar - må reserverast i lengre tid enn planlagt og dette fordyrar prosjektet.

  • Effektivitet: Dagens marknadssituasjonen har resultert i skort på fagpersonell. Dette har medført at entreprenørane har sett inn mannskap som av ulike grunnar ikkje oppnår ein effektivitet som ein normalt kan forvente. Effektiviteten har gått ned sjølv om Statsbygg som byggherre har hatt ei offensiv oppfølging av kontrakt­sarbeida.

  • Forseinkingar: Statsbygg ser i tillegg at forseinkinga på tekniske og teatertekniske fag vil medføre eit ytterlegare behov for uttesting og opplæring, ved at delar av arbeidet må forskyvast til sommarmånadene for å sikre at Den Norske Opera og Ballett kan gjennomføre sitt fastsette program for 2008.

  • Prøvedrift: Dei tekniske og teatertekniske kontraktane har ein gjennomføringsmodell med ein prøvedriftsperiode på 6 månader. For tekniske fag vert prøvedriftsperioden avslutta i juli 2008, medan tilsvarande for teatertekniske fag vil vere i oktober 2008. Endeleg overtaking skjer først etter avslutta prøvedrift. Under prøvedriftsperioden vert det normalt avdekt trong for justeringar, kompletteringar og ytterlegare brukartilpassingar. Slike tilpassingar vil generere kostnader, også etter at sceneområda er tekne i bruk av Den Norske Opera og Ballett.

3.2 Tvistesak med Veidekke Entreprenør AS

Veidekke Entreprenør AS er blitt tildelt fleire store kontraktar på Prosjekt Nytt Operahus; K212 - Grunnarbeid, K213 - Berekonstruksjonar og K221 - Tett Hus. Alle kontraktar er fysisk gjennomførte og sluttoppgjer er fastsette/utbetalte, med unntak for K213.

Entreprisen K213 - Berekonstruksjonar (Rå­bygg), som Veidekke Entreprenør AS vart tildelt i juli 2004, starta i august 2004 og vart ferdigstilt og overteken i desember 2005, nokre månader seinare enn opphavleg planlagt. Kontrakten omfatta alle berekonstruksjonar av plasstøypt betong, stålkonstruksjonar og prefabrikerte betongelement. Opphavleg kontraktsum var 247 mill. kroner. Entreprisen var kompleks og ressurskrevjande med store krav til samordning og planlegging.

Veidekke Entreprenør AS oversende sluttfaktura 17. mars 2006 på 425 mill. kroner. Dokumentasjonen var omfattande og etter nokre avklaringsmøte sende Statsbygg sitt tilsvar og godkjende eit beløp på 304 mill. kroner.

Differansen mellom partane sine syn var vesentleg, og inneheldt i stor grad samlekrav vedrørande plunder og heft og usemje vedrørande prissetjing av krav. Sommaren og hausten 2006 vart det halde fleire avklaringsmøte og økonomimøte på overordna nivå. Partane vart ikkje samde, og Veidekke Entreprenør AS sende stemning 30. november 2006.

Frå dette tidspunktet overtok regjeringsadvokaten den vidare sakshandsaminga for staten. Rettssaka vart planlagd gjennomført i Oslo Tingrett, med start i januar 2008. Partane utveksla prosesskriv, og det vart halde møte på ulike nivå mellom partane. Forsøk på mekling vart gjennomført. Partane har komme fram til ei forliksløysing som inneber ein kompensasjon på 64 mill. kroner med utbetaling seinast 1. mars 2008. Etter 1. mars kjem det i tillegg morarente. I tillegg kjem 1,5 mill. kroner for å dekkje Statsbyggs advokatkostnader. Regjeringa har godkjent forliksavtalen, under føresetnad av at Stortinget godkjenner forslag om auka løyvingar til prosjektet som foreslått i denne proposisjonen.

I tillegg til den omtalte tvistesaka med Veidekke Entreprenør AS har Statsbygg potensielle tvistar med leverandørar av belysningsutstyr. Dei økonomiske konsekvensane av desse sakene er vurderte som relativt avgrensa. Det ligg ikkje føre informasjon i dag som tyder på ytterlegare tvistesaker.

3.3 Vurdering av sluttkostnad og forholdet til kostnadsramma

Slik den økonomiske situasjonen vert vurdert i dag, er det trong for ei overføring frå den overordna uvisseavsetninga til styringsramma på 300 mill. kroner. Styringsramma for prosjektet vil etter dette være 4 136 mill. kroner. Det vil då stå att 220 mill. kroner av uvisseavsetninga. I og med at det framleis er sluttoppgjer som ikkje er ferdige, er det framleis uvisse knytt til endeleg sluttkostnad. Bygget er framleis inne i prøvedriftsperiodar, og det vil gå føre seg uttesting og opplæring i ein periode.