St.prp. nr. 53 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet 2008 - Nytt operahus

Til innhaldsliste

4 Området rundt Operabygget

Reguleringsplanen for Bjørvika vart stadfesta i 2004, men området vil verte ferdig utbygd først i 2015 - 2017. Omlegginga av E18, som er ein føresetnad for byutviklinga, vil etter planen vere ferdig i 2011-12. Dette gir utfordringar for operabygget i fleire år framover. Oslo Havn KF har sagt seg villig til å leige ut området mellom Operagata og E18, som omfattar delar av byggjefelta A8 og A9 i reguleringsplanen for Bjørvika, i ein periode på to år til Statsbygg fram til området skal brukast som anleggsområde for vegomlegging. Oslo Havn KF skal setje i stand området til den standarden som området ved Operabygget elles har fått. Dette vil gi ei akseptabel løysing både for Operaen og publikum inntil det vert etablert meir permanente løysingar. Avtalen er ikkje ferdig framforhandla.

Leigeavtalen vil gi ein årleg kostnad på 1,2-1,5 mill. kroner, dvs. totalt 2,4 til 3,0 mill. kroner. Denne kostnaden vert dekte over kap. 2445 Statsbygg underpost 24.2 Driftsutgifter.