St.prp. nr. 6 (1999-2000)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 1999

Til innhaldsliste

2 Hovudtrekk i omdisponeringane og forklaringar på dei største utgifts- og inntektsendringane gruppert etter posttypar

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 01 Driftsutgifter

Postane 01 er foreslått netto auka med 711,116 mill. kroner. Meirbehovet er dekt ved at midlar er flytta frå investeringskapitlet, ved meirinntekter og i form av forslag om tilleggsløyvingar. Den store auken på posten skuldast 880 mill. kroner som er søkt tilleggsløyvd i samband med norske styrkar i Kosovo (KFOR) medan ca. 164 mill. kroner er foreslått ført attende til statskassen grunna redusert norsk bidrag i Bosnia (SFOR). Følgjande vesentlege endringar er foreslått;

Forsvarets tele- og datateneste (kap 1710)

FTD har eit meirbehov på 30,1 mill. kroner, noko som i hovudsak skuldast at dei har fått eit sentralt ansvar for innbetaling av Microsoft-lisensar og difor er tilført midlar frå andre kapittel.

Felles leiing og kommandoapparat (kap 1720)

Kapitlet har eit totalt meirbehov på ca 68 mill. kroner. Auken skuldast m.a. nye stillingar ved Militærmisjonen i Brussel, meirbehov på øvinga Battle Griffin for Forsvarskommando Sør-Noreg, meirutgifter i samband med ny kommandostruktur i NATO og finansiering av prosjekt Reisenorm i Forsvaret.

Fellesinstitusjonar og - utgifter under FO (kap 1725)

Kapitlet er foreslått redusert med 74, 6 mill. kroner for å dekkje opp meirbehov på andre kapittel.

Hæren (kap 1731)

Hæren sitt kapittel er på driftssida redusert med 13,3 mill. kroner. Reduksjonen skuldas i hovudsak finansiering av ei ekstra permisjonsreise som foreslått av Haaker-utvalget.

Norske styrkar i utlandet (kap. 1792)

Kapitlet er foreslått ein netto auke på 678,9 mill. kroner for å kunne deployere styrker til KFOR.

Bruttoutgiftene i denne samanheng er for 1999 venta å vera 880 mill. kroner som er foreslått tilleggsløyvde.

I samanheng med Noregs engasjement i KFOR vart det norske styrkebidraget i Bosnia (SFOR) vesentleg redusert. Dette har ført til at det på kap 1792 har oppstått eit netto mindrebehov på ca 163 mill. kroner.

2.1.2 Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er foreslått auka med 1,999 mill. kroner.

2.1.3 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 18 mill. kroner.

Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet som vert foreslått nytta til dekning av ymse auka driftsbehov. Midla vert såleis fordelte på andre kapittel.

2.1.4 Post 44 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

Posten er foreslått redusert med 30 mill. kroner. Midlane er foreslått omdisponert til post 48 for delvis dekning av meirforbruk i 1998.

2.1.5 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er netto foreslått auka med 131,209 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak meirinntekt, 140 mill. kroner, på kap 4760 grunna attendeføring av midlar frå USA ved såkalla «FMS-caser». Dette er midlar innbetalte til amerikanske bankar som ein tryggleik ved inngåing av materiell-kontrakter. Ubrukte midlar vert såleis ført attende når prosjekta er sluttførte.

Ca 60 mill. kroner er foreslått tilført posten ved meirinntekter frå kap 4792 Norske styrkar i utlandet. Dette er refusjonar frå FN og skal nyttast til gjenskaffing og vedlikehald av materiell nytta av dei tidlegare FN-styrkene, m.a. gjenskaffing av materiell etter den norske helikopterstyrken i Bosnia (NORAIR). 38 mill. kroner er flytta frå kap 1792 for å dekka meirkostnader grunna prisstigning på pansra personellkjøretøy (SISU).

30 mill. kroner er flytta til post 48 Fellesfinansierte byggje og anleggsarbeid til dekking av meirutgifter i 1998 medan ca. 20 mill. kroner er flytta til post 47 Nye bygg og anlegg til dekking av EBA-delen av opprustinga av Grensevakta ved Garnisonen i Sør-Varanger.

2.1.6 Post 47 Nye bygg og anlegg

Postane er foreslått netto auka med 87,940 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak aktivitetsauke og gjeld midlar til opprusting av Grensevakta ved Garnisonen i Sør-Varanger, forsert produksjon av eksisterande prosjekt, utredning om samla forvalting av Forsvarets EBA og ny elsktronisk verkstad på Bodø flystasjon.

2.1.7 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 125,354 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak NATO-prosjekt som ikkje vert autorisert i inneverande år. Inntektene er såleis redusert tilsvarande. Posten hadde i 1998 eit meirforbruk i høve til løyvingane på ca 110 mill. kroner. Dette skuldast inntektssvikt som måtte dekkjast frå utgiftssida. Midlane til inndekking av meirutgifta er i hovudsak tilført frå andre postar under same kapittel.

2.1.8 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Posten er foreslått redusert med 30,782 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld færre førtidspensjoneringar enn forutsett.

2.1.9 Post 60 Tilskot til kommunar

Posten er auka med 0,430 mill. kroner som eingongstilskot til Trøgstad kommune i samband med overdraging av eigedom og naudsynte sikringsarbeid i den samanheng.

2.1.10 Post 70 Renter

Posten er foreslått auka med 1,4 mill. kroner.

Dette skuldast lavere utbetaling av rentestønad enn venta.

2.1.11 Post 72 Avgongsstimulerande tiltak

Posten er foreslått redusert med 9,943 mill. kroner

Dette skuldast lavere utgifter ved avgongsstimulerande tiltak enn venta.

2.1.12 Post 75 Noregs tilskot til NATO sitt driftstilskot

Posten på kap 1719 er foreslått auka med 5,0 mill. kroner.

Posten gjeld innbetalingar til NATO og VEU og kan variere noko frå år til år. Posten vert difor foreslått regulert ved dei årlege omgrupperingsproposisjonane.

2.1.13 Post 75 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er på kap 1760 foreslått redusert med 20,000 mill. kroner.

Posten gjeld Noregs tilskot til fellesfinansierte infrastrukturprosjekt, og blir i stor grad regulert av NATOs behov. Midla er foreslått omdisponerte til fellesfinansierte bygge- og anleggsprosjekt for å dekkje opp redusert ramme grunna mindreinntekter.

2.1.14 Post 90 Lån til private

Posten er foreslått redusert med 1,000 mill. kroner.

Dette skuldast lavere utbetaling enn venta av forskott i samband med bustadfinansiering.

2.2 Inntekter

2.2.1 Post 01 Driftsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 66,954 mill. kroner.

Dette skuldast auka refusjonar frå FN og auka driftsinntekter i Luftforsvaret.

2.2.2 Post 11 Salsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 21,726 mill. kroner.

Dette skuldast auka refusjonar frå FN, generelle salsinntekter og bonusinntekter frå SAS og Color Air.

2.2.3 Post 15 Refusjon frå arbeidsmarknadstiltak

Posten er foreslått redusert med 14,0 mill. kroner.

Auken gjeld lavere refusjon enn venta for kursverksemd for Arbeidsmarknadsetaten

2.2.4 Post 16 Refusjon fødselspenger

Posten er foreslått auka med 0,023 mill. kroner.

2.2.5 Post 45 Store nyskaffingar - inntekter

Posten er foreslått løyvd 140,664 mill. kroner.

Dette skuldast attendeføring av midlar frå USA ved «FMS-ordninga». Dette er midlar innbetalte til amerikanske bankar som ein tryggleik ved inngåing av materiellkontraktar. Ubrukte midlar vert såleis ført attende når prosjekta er sluttførte.

2.2.6 Post 48 Fellesfinansierte byggje og anleggsinntekter

Posten er foreslått redusert med 105,0 mill. kroner. Dette har sin bakgrunn i manglande autorisasjon frå NATO på planlagte fellesfinansierte prosjekt. Utgiftssida går såleis tilsvarande ned, og desse midla vert ført attende til statskassen.

2.2.7 Post 70 Renter låneordning

Posten er foreslått redusert med 0,523 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast det lave rentenivået i første halvår 1998.

2.2.8 Post 90 Lån til bustadformål

Posten er foreslått redusert med 2,787 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast lavere innbetaling av lån/innløysing av lån enn forventa.

Til forsida