St.prp. nr. 6 (1999-2000)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 1999

Til innhaldsliste

3 Spesielle saker

3.1 Bestillingsfullmakter

Kap 1731 Hæren

Hærens bestillingsfullmakt på post 01 vert foreslått auka med 40 mill. kroner til totalt 490 mill. kroner på grunn av nødvendig kjøp av reservedelar til Hovudarsenalet etter øvinga Battle Griffin .

Kap 1733 Luftforsvaret

Luftforsvarets bestillingsfullmakt på post 01 vert foreslått auka med 20 mill. kroner til totalt 1 020 mill. kroner grunna auka forpliktingar ved utdanning av personell i USA.

3.2 Forsvarets deltaking i den internasjonale militære styrken (KFOR) i Kosovo i 1999

Bakgrunn

Etter at luftoperasjonane mot Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) vart fullført i juni, vart det gjennom FN-sikkerhetsrådsresolusjon 1244 gitt mandat til ein internasjonal styrke, Kosovo Force (KFOR), for å skapa trygge omgjevnader i Kosovo. I samsvar med operasjonsplanen for KFOR, skal styrken i løpet av hausten bestå av ca 50,000 personell. KFOR er godt etablert i Kosovo og har militær kontroll over situasjonen, sjølv om det framleis finn stad lokal etnisk uro og noko voldsbruk mellom kosovoalbanerar og serberar. KFOR sine oppgåver består i å gi humanitær assistanse til flyktningar og internt fordrevne, oppretthalde lov og orden, rydde miner og eksplosivar, og oppgåver knytte til FN, OSSE og andre som har ansvaret for den sivile gjenoppbygginga.

Norsk styrkebidrag til KFOR

Når det gjeld norsk deltaking i KFOR I, er Telemark bataljon (TMBN), initielt forsterka med eit ingeniørkompani, totalt 1,292 personell deployert til Kosovo der operativ kommando vart teken over 12. oktober. I tillegg til TMBN deltek Noreg med informasjonsoffiserar, sambandselement og stabsoffiserar i hovudkvarter. Det norske bidraget inngår i den britisk leda brigaden i det sentrale Kosovo, der og Finland, Sverige og Canada stiller styrkebidrag. Noreg har teke over den sentrale sektor innan brigadeområdet som ligg på den vestlege sida av hovudstaden Pristina rundt byane Oblic og Kosovo Polje. Hoveddeployeringa av TMBN vart sluttført 8. oktober, og alt er så langt gått etter planen. Den norske bataljonen har deployert i eit uroleg og etnisk samansett operasjonsområde der krava til eigenvern og mobilitet er svært strenge. TMBNs investeringar i pansra materiell har derfor vore store, i tillegg til at etablering av leir i et område der det knapt var nokon form for infrastruktur, har vist seg svært ressurs-krevjande.

Det vert planlagt for at det norske styrkebidraget til KFOR II, som skal deployerast våren 2000, vil verta redusert i forhold til KFOR I, forutsett at utviklinga innanfor den sivile iverksettinga i Kosovo går som forventa, mellom anna ved at FN og andre internasjonale organisasjonar i stor nok grad klarer å ivareta sine oppgåver.

Forholdet SFOR-KFOR

Parallelt med førebuingane til KFOR i Kosovo, stod NATO framfor ein restrukturering av SFOR i Bosnia, med ein vesentleg reduksjon av styrken som målsetting. For å kunna etterkoma målsettingane knytte til deployeringa til Kosovo og som eit ledd i SFORs restruktureringsprosess, vil den norske SFOR-bataljonen i Modrica verte terminert 5 november og den nordisk-polske brigaden i SFOR vil nedleggast i byrjinga av januar 2000. Det vert planlagt for at det nordisk-polske engasjementet vil verte ført vidare i form av ei bataljonsgruppe (Nordic Polish Battle Group, NORDPOLBG) på totalt ca 800 personell leda av Danmark og Polen med støtte frå Noreg, Finland og Sverige. Frå norsk side er det teke sikte på å delta med ein forsynings/transport tropp som saman med det nasjonale støtte-elementet og ei gruppe norske stabsoffiserar i SFOR-hovudkvarter i Sarajevo og Tuzla totalt vil utgjere ca 100 personell. Ut frå rekrutteringsmessige omsyn kan det norske bidraget i utgangspunktet førast vidare fram til sommaren 2000. Heile den nordisk-polske bataljonsgruppa vil vere stasjonert i Doboj-området.

Som følgje av nedtrekket i den norske deltakinga i SFOR (som allereie er løyvd for 2. halvår 1999), vil utgiftene verte ca. 200 mill. kroner lavare enn tidlegare rekna med. Av desse midlane vil 38 mill. kroner verte foreslått omdisponert til investeringskapitlet fot å dekkje prisstigning på 28 SISU (pansra personellkøyretøy) som vart godkjent skaffa ved tilleggsløyving i omgrupperingsproposisjonen for 1998. Netto innsparing vil såleis vere ca. 163 mill. kroner som vil verte foreslått ført attende til statskassen i samband med denne omgrupperingsproposisjonen.

Finansiering

Utgiftene i samband med å deployere ovannemnde einingar er for 1999 om lag 880 mill. kroner og er fordelt som følgjer:

Driftsutgifter:
-Lønsutgifter233 mill. kroner
beløpet gjeld alle utgifter til løn og godtgjeringar
-Varer og tenester (pågåande utg. heime og i operasj. området)168 mill. kroner
-Varer og tenester (eingongsutgifter)265 mill. kroner
(modifikasjon av pansra personellkøyretøy, bekledning/utrustn kont 1, oppbygging reservedelslager, infrastruktur, våpentekn matr, osv.)
Større utstyrskaffingar (spesielt for KFOR)
-Utstyrskaffingar spesielt for KFOR186 mill. kroner
(Pansra feltvogner/lastevogner, kommunikasjons-kontainerar, innkjøp hjullastar/gravemaskin osv.)
-Meirkostnader ved forsering av naudsynte prosjekt28 mill. kroner
(modernisering/pansring 21 stk M113 pansra pers. kjøretøy, innkjøp 3 minerydderar og 5 stk Leopard-chassis som plattform for bombekastarar)

Dei samla utgiftene for norsk deltaking i KFOR er vurderte til 880 mill. kroner og vert foreslått tilleggsløyvde.

3.3 Omgruppering av 38 mill. kroner frå kap 1792, post 01 til kap 1760, post 45 - SISUar

Dei norske styrkane i tidlegare Jugoslavia nyttar dei finske pansra personellkjøretøya SISU til ambulanseoppdrag. Desse er i dag «leasa», men er nå slitne ut og må skiftast. Ein fortsatt «leasingavtale» er lite kostnadsffektiv og departementet foreslo difor i omgrupperingsproposisjonen for 1998 at Forsvaret vart tilleggsløyvd 75 mill. kroner til kjøp av 28 nye vogner. Det vart i den samanheng vist til St. prp. nr. 14 (1996-97, Innst. S. nr. 71 (1996-97) der det var fleirtal for at 300 mill. kroner omdisponerte frå materiellinvesteringar til finansiering av IFOR, skulle løyvast på nytt ved behov. I samanheng med omgruppering for 1997 fekk Forsvaret ca. 80 mill. kroner av desse midla og i omgrupperingsproposisjonen for 1998 vart det bestemt av Stortinget at Forsvaret skulle få løyvd dei nemnde 75 mill. kroner til kjøp av nye SISUar. Det har derimot vore ein sterk prisstigning på desse vognene, og Forsvaret kan berre skaffe 20 vogner for dei midla som vart tilleggsløyvde i 1998.

Forsvarsdepartementet foreslår difor i denne proposisjonen å nytte 38 mill. kroner av mindreforbruket på kap 1792 Norske styrkar i utlandet, til finansiering av dei siste 8 køyretøya.

3.4 Vederlagsfri overdraging av Trøgstad fort til Trøgstad kommune med eit eingongstilskot på kr 430 000,- til naudsynte sikringsarbeid

Som følgje av omorganiseringane de seinare åra og nedlegging av avdelingar i Forsvaret er det ikkje lenger behov for etablissementet Trøgstad fort. Den siste militæravdelinga som brukte fortet var NIKE - bataljonen sitt Trøgstad batteri som vart nedlagt i 1991, men det var fortsatt ein del mindre militær verksemd på fortet fram til 1993. All militær verksemd som har vore knytt til fortet er avvikla eller flytta.

Fortet er verneverdig, men Forsvaret har gått inn for å behalde og verne eit tilsvarande fort på Høytorp ved Mysen i Trøgstad sin nabokommune Eidsberg. Departementet ser trass i dette gjerne at Trøgstad fort vert tatt vare på som eit kulturminne og Trøgstad kommune er villig til å påta seg den oppgåva dersom eigedomen blir overført vederlagsfritt til kommunen. Det knyter seg sterke kulturinteresser til fortet, som ein del av Glommalinjen.

Trøgstad fort omfattar ein bygningsmasse på 5721 m2 og et fjellanlegg på 870 m2. Grunneigedomen er på 440 daa, der ca. 220 daa som utgjer det indre leirområde er gjerda inn. Dei andre ca. 220 daa omgjev det indre leirområdet og dannar fortet sitt forterreng. Det er utført ein verditakst på eigedomen og normal marknadsverdi er oppgitt til kr 5 000 000,-. Det er då ikkje teke omsyn til nødvendige oppryddings- og sikringsarbeid som er vurderte til ca. kr 2 000 000,-. Nokre av bygningane på Trøgstad fort er leigde ut vederlagsfritt til kommunen mot at dei sørgjer for delvis drift og vedlikehald. Ein av bygningane er sett i god stand ved ein kostnad på ca kr 550 000,-, som kommunen og foreiningar har skote inn.

For Forsvaret er det en fordel at fortet vert avhenda for å sleppe framtidige drifts- og vedlikehaldsutgifter. Med dei restriksjonane som ligg på eit verneverdig etablissement er omsetningsverdien på den opne marknaden avgrensa.

Trøgstad kommune har lenge vist interesse for å overta Trøgstad fort for å utvikle dette som eit kulturminne. Skal ein få til dette må staden tilførast verksemd av næringsmessig og kulturell art. Fortet ligg nær kommunesenteret Skjønnhaug, og representerer eit attraktivt frilufts- og rekreasjonsområde. Ein kombinasjon av desse formåla vil vere siktemålet med dei planer kommunen nå arbeider med, eit fleirbruk som skal ta vare på fortet sitt særpreg.

Store deler av bygningsmassen på fortet ber preg av forfall fordi den har stått unytta i lengre tid.

Eit tilhøve, som har stor interesse i lokalmiljøet, er at området er vurdert som eit av Europas viktigaste overvintringsstader for ei rekkje utryddingstruga flaggermusarter. Ein plombering (attstøyping) av fjellanlegget og ein endra bruk av restareal vil difor kunna kome i konflikt med naturverninteresser og reguleringsstyresmakter. Kommunen er kjend med dette og er klar til å ta omsyn til dette. Forholdet har også relevans for verdifastsettinga og er ikkje lagt inn i takstgrunnlaget.

Departementet finn det prisverdig at kommunen vil ta på seg oppgåva med å oppretthalde fortet som eit av kulturminna som er knytte til regionens forsvarshistorie.

Departementet foreslår difor at kommunen får overdra fortet vederlagsfritt og at det i tillegg vert ytt eit eingongstilskot over kap 1795, post 60, på kr 430 000,- til dei mest naudsynte sikringsarbeida slik at fort-området kan opnast for folk flest. Det må takast atterhald om at etablissementet vert nytta som forutsett og at kommunen forpliktar seg til å ikkje selje eigedomen vidare utan samtykke frå Forsvarsdepartementets i 10 år etter overdraginga.

3.5 Vederlagsfri overdraging av to eigedomar til Sola kommune

Som følgje av omorganiseringane dei seinare åra og reduksjonar innan avdelingar, er det blitt ledig ein del etablissement som Forsvaret ikkje lenger har nytte av. I Sola kommune er det m.a. ein del frittliggjande bygningar utanfor sjølve flyplassområdet, som har vore nytta av Sola flystasjon. Eit av disse bygga er ein ekstysk hesteskoforma splintvoll til vern mot fly, som det etter krigen vart lagt tak på og kalla for «splinthangaren». Bygningen er i dårleg forfatning og treng vedlikehald. Bygget har ikkje varmeanlegg og er ikkje tilknytt vatn og avløp.

Bygget som er på 1 182 m2 ligg på eigartomt på ca. 3,6 daa og taksten set ein salsverdi på kr 900 000,-. Den private Stiftinga Flyhistorisk Museum Sola treng lagerplass og har søkt om å få disponere bygningen. Stiftinga har hovedtyngden av sin flysamling (40 stk. med stort og smått) i ein hangar på Sola Sjø som har for liten plass. Utstillinga omfattar 25 fly, der 13 stk. er utlånt frå Forsvarsmuseet (dubletter). Hangaren på Sola Sjø er eigd av Rogaland fylkeskommune. Mykje verdifullt flymateriell må lagrast under open himmel pga. plassmangel og vert dermed vesentleg forringa før det kan restaureres.

Verksemda til Flyhistorisk Museum Sola er eit supplement til den verksemda Forsvarsmuseet driv, og det er imponerende kva dei har fått til med frivillig innsats og små midler. Forsvarsdepartementet finn det rett å støtte denne verksemda, som i stor grad omfattar forsvars- og krigshistorisk flyaktivitet. Departementet går derfor inn for å overdra splinthangaren med tomt og adkomstrett vederlagsfritt til Sola kommune, som igjen vil stille den vederlagsfritt til disposisjon for Flyhistorisk Museum Sola.

Det vert tatt atterhald om at etablissementet vert nytta som forutsett og at stiftinga får bruke dette så lenge den har behov for det. Kommunen forpliktar seg til å ikkje selja vidare eigedomane utan samtykke frå Forsvarsdepartementets i 10 år etter overdraginga.

3.6 Vederlagsfri overdragning av bygningar i utkanten av Soma leir

I Soma leir, som ligg like i nærleiken av den nemnde splinthangaren, er den private Stiftinga Krigshistorisk Museum Rogaland, gjennom nokre år, blitt gitt høve til vederlagsfri bruk av 5 bygningar som Forsvaret ikkje har behov for, mot å ta seg av drift og vedlikehald. Desse bygningane ligg heilt i utkanten av Soma leir og kan lett skiljast ut. Den største av dei 5 bygningane, ein enkel lagerbygning, har ei grunnflate på 869 m2 og er taksert til kr 875 000,-. Dei fire andre bygningane er på til saman 823 m2 og taksten for desse er kr 750 000,-.

Verksemda til Stiftinga Krigshistorisk Museum Rogaland er basert på frivillig dugnadsinnsats og det er nedlagt eit svært omfattande arbeid for å samle og stille ut all slags materiell og utstyr som har tilknytning til andre verdskrig og Forsvaret. Ein del av utstyret og materiellet er utlånt frå Forsvarsmuseet. Samlinga/utstillinga er eit godt regionalt tilbud og supplement til den museumsverksemda som Forsvaret driv i eigen regi.

Forsvarsdepartementet finn det rett å støtte også denne verksemda og går inn for å overdra dei nemnde bygningane, med passende arrondert tomt, vederlagsfritt til Sola kommune som vil stille desse til vederlagsfri disposisjon for Krigshistorisk Museum Rogaland.

Det vert tatt atterhald om at etablissementet vert brukt som forutsett og at stiftinga får bruke dette så lenge dei har behov for det. Kommunen forpliktar seg til ikkje å selja vidare eigedomane uten samtykke frå Forsvarsdepartementets i 10 år etter overdraginga.

Til forsida