St.prp. nr. 60 (2000-2001)

Om sal av 22,9 prosent av Hofsfoss kraftverk i Ringerike kommune

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Ved kongeleg resolusjon av 15. desember 1950 fekk AS Follum Fabrikker løyve til å tileigna seg 22,9 prosent av fallrettane i Hofsfossen i Begnavassdraget i Ringerike kommune i Buskerud. Løyvet vart gitt for 50 år med heimfall til staten 15. desember 2000. AS Follum Fabrikker har seinare fusjonert med Norske Skogindustrier ASA (Norske Skog).

Hofsfoss kraftverk er eit elvekraftverk 100 prosent eigd av Norske Skog. Kraftverket ligg inne på fabrikkområdet til Norske Skog Follum sin papirfabrikk, og er ein integrert del av fabrikken både når det gjeld drift av kraftverket og i kraftforsyninga til fabrikken. I følgje Norske Skog har kraftverket ein gjennomsnittleg produksjon på 153 GWh/år.

Norske Skog søkte i brev av 11. september 1998 om at 22,9 prosent av vassfallet med tilhøyrande anlegg fell heim til staten før konsesjonstida er over, og at Norske Skog samstundes får høve til å kjøpe denne delen tilbake. Industrikonsesjonslova gir heimel for eit slikt tilbakesal.

Olje- og energidepartementet inngjekk avtale med Norske Skog 14. desember 2000 om heimfall og tilbakesal av 22,9 prosent av Hofsfoss kraftverk for 42 mill. kroner.