St.prp. nr. 60 (2000-2001)

Om sal av 22,9 prosent av Hofsfoss kraftverk i Ringerike kommune

Til innhaldsliste

2 Kommunen sin del av dei heimfalne verdiane

Grunnlaget for å tildele kommunen ein del av verdien av det heimfalne vassfallet med anlegg er industrikonsesjonslova § 41, femte ledd;

«Når et vannfall med anlegg i henhold til en konsesjon tilfaller staten, skal en del av anlegget eller dets verdi, dog ikke over en tredjepart, tildeles de kommuner hvor vannfallet, kraftverket eller reguleringsanleggene ligger. Stortinget bestemmer i tilfelle verdien og kommunenes andel derav og foretar fordelingen mellom dem.»

Departementet vil presisere at det ikkje er rettsleg grunnlag for å overføre meir enn ein tredjedel til kommunar i samanheng med eit heimfall.

Olje- og energidepartementet tilrår at Stortinget i samsvar med tidlegare praksis samtykkjer i at Ringerike kommune får 1/3 av salssummen. Den kommunale delen utgjer etter dette 14 mill. kroner.

Midlane til kommunen skal setjast av til eit særskild fond (heimfallsfond) til å fremja næringsformål i kommunen. Det blir føresett at både grunnkapitalen og avkastinga av grunnkapitalen kan disponerast innanfor fondet sitt formål. Kommunestyret skal fastsetje vedtekter for fondet. Fylkesmannen skal godkjenne vedtektene i samsvar med standardvedtekter for næringsfond (kraftfond). I standardvedtektene blir dei nødvendige endringane for heimfallsfond gjort, slik at tilskott og betinga lån og kan ytast av fondskapitalen.