St.prp. nr. 60 (2000-2001)

Om sal av 22,9 prosent av Hofsfoss kraftverk i Ringerike kommune

Til innhaldsliste

4 Forholdet til EØS-avtalen

Tilbakesal til Norske Skog gjer det ikkje mogleg å selja denne delen av Hofsfoss kraftverk på den opne marknaden. I slike høve har EFTAs overvakingsorgan ESA laga retningsliner for fastsetjing av marknadspris. I samsvar med desse retningslinene har Olje- og energidepartementet fått ein ekstern og uavhengig konsulent til å fastsetje ein marknadspris på 22,9 prosent av kraftverket slik at det i ettertid ikkje oppstår tvil med omsyn til om det er gitt konkurransevridande statsstøtte i strid med EØS-avtala. Denne prisen var grunnlaget i forhandlingane med Norske Skog.