St.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av rv 17 Tverlandet – Godøystraumen og rv 80 Røvika – Strømsnes i Bodø og Fauske kommunar i Nordland (Vegpakke Salten fase I)

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Vegpakke Salten fase I omfattar to større prosjekt og to mindre tiltak med eit samla kostnadsoverslag på 551 mill. kr inkludert bomstasjonar. Dei einskilde prosjekta er nærmare omtalte i kapittel 2.1 – 2.4.

2.1 Rv 17 Tverlandet – Godøystraumen

Rv 17 er hovudferdselsåra langs kysten på Helgeland og i Salten. I nord startar den i krysset med rv 80 i tettstaden Tverlandet, om lag 20 km frå Bodø sentrum. Årsdøgntrafikken (ÅDT) ved Godøystraumen lengst sør på utbyggingsstrekninga er 2 200 køyretøy, medan den i krysset lengst nord er over 4 000 køyretøy. Dagens veg er for smal til midtstripe og har dårleg kurvatur. Det er registrert 24 ulykker med personskade dei siste 10 åra.

Prosjektet inneber omlegging av rv 17 aust for dagens veg, busetnader og landbruksområde, jf. figur 2.1. Det omfattar knapt 8 km veg i ny trasé, med vegbreidd 7,5 m. Den nye parsellen er om lag 500 m kortare enn dagens veg og blir bygd utan bustadavkøyrsler. I prosjektet inngår to tunnelar. Den lengste er på 1,3 km. Miljøet for dei som er busette langs den eksisterande vegen, blir vesentleg betra når gjennomgangstrafikken forsvinn. Innkortinga og omlegginga gir reduserte transport- og ulykkeskostnader for trafikantane.

Bodø kommune vedtok reguleringsplanen i mars 2005. Det blei gjort ei mindre vesentleg reguleringsendring pga. kulturminne i juni 2006. Kostnadsoverslaget er 212 mill. 2005-kr. Omrekna til 2007-prisnivå blir kostnadsoverslaget 231 mill. kr, inkl. 5 mill. kr til bygging av bomstasjon. Prosjektet sin netto nytte er utrekna til om lag -20 mill. kr med 4,5 pst. kalkulasjonsrente. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er om lag -0,1.

2.2 Rv 80 Røvika – Strømsnes

Stamvegen rv 80 er hovudvegen mellom «fylkeshovudstaden» Bodø og E6, og dermed eit viktig vegsamband både for næringslivet og befolkninga i Salten. Dessutan avviklar den ein mindre del av gjennomgangstrafikken til Lofoten. Dagpendlinga mellom Fauskeområdet og Bodø har eit stort omfang. Prosjektet ligg i Fauske kommune; Røvika er om lag 6 km vest for sentrum. Årsdøgntrafikken er omkring 3 300 køyretøy. Det er mykje randbusetnad, og meir enn halvparten av strekninga har nedsett fartsgrense.

Prosjektet inneber omlegging av rv 80 nord for dagens trasé, med ei innkorting på 6,2 km. Det blir bygd 5,9 km ny veg med vegbreidd 8,5 m parallelt med jernbanen mellom Røvika og Strømsnes, jf. figur 2.1. Nærmast Strømsnes blir det bygd ein 2 km lang tunnel. Dagens rv 80 blir tilknytt den nye parsellen gjennom kryss i kvar ende av parsellen og får funksjon som lokalveg etter omlegginga.

Fauske kommune vedtok reguleringsplanen 16. februar 2006. Kostnadsoverslaget er 286 mill. 2006-kr. Omrekna til 2007-prisnivå blir kostnadsoverslaget 299 mill. kr, inkl. 7 mill. kr til bygging av bomstasjon. Netto nytte for prosjektet er utrekna til om lag 280 mill. kr med 4,5 pst. kalkulasjonsrente. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er om lag 0,5.

2.3 Rv 80 Mjøneskleiva

Det dårlegaste partiet på rv 80 mellom Fauske og Bodø er ved Mjøneskleiva i Bodø kommune, 28 km frå sentrum. Eit område på omkring 600 m har mykje dårlegare geometri enn strekningane rundt. Dette spranget i standard, kombinert med utfartsparkering langs vegen, gjer strekninga ulykkesutsett. Årsdøgntrafikken er om lag 2 800 køyretøy.

Tiltaket inneber oppgradering av den om lag 600 m lange eksisterande vegstrekninga til gjeldande vegnormalstandard med vegbreidd 8,5 m. Det er elles planlagt tiltak mot parkering langs vegen og sanering av avkøyrsler.

Reguleringsplanen blei vedteken i mars 2006. Utbetringsarbeidet kan truleg skje i 2008. Kostnadene er utrekna til om lag 11 mill. kr.

2.4 Rv 80 Gang- og sykkelveg Stranda – Klungset

Det er bygd gang- og sykkelveg mellom Fauske sentrum og busetnaden på Klungset, som ligg 2 km vest for sentrum. Det er randbusetnad langs rv 80 vidare vestover, utan tilfredsstillande løysing for mjuke trafikantar. I tillegg vil brukarane av Klungsetmarka, som er eit utfartsområde nær tettbygde område, ha nytte av forlenga gang- og sykkelveg. Mesteparten av rv 80 i dette området har nedsett fartsgrense. Årsdøgntrafikken på strekninga er om lag 3 600 køyretøy.

Prosjektet omfattar forlenging av dagens gang- og sykkelveg med 2,5 km og sanering av ei rekkje avkøyrsler. Tiltaket vil betre forholda for mjuke trafikantar og styrkje trafikktryggleiken.

Det er venta at reguleringsplanen blir vedteken våren 2007. Bygginga kan truleg skje i 2010. Kostnadene er vurderte til å liggje på om lag 10 mill. kr.

Figur 2.1 Oversikt over planområdet

Figur 2.1 Oversikt over planområdet