St.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av rv 17 Tverlandet – Godøystraumen og rv 80 Røvika – Strømsnes i Bodø og Fauske kommunar i Nordland (Vegpakke Salten fase I)

Til innhaldsliste

5 Utbyggings- og finansieringsopplegg

5.1 Nærmare om utbygginga

5.1.1 Rv 17 Tverlandet – Godøystraumen

Prosjektet er kostnadsrekna til 231 mill. kr og skal finansierast i kombinasjon av statlege midlar og bompengar. I Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2006 – 2009 er det sett av 107 mill. kr til rv 17 Tverlandet – Godøystraumen innanfor den fylkesfordelte ramma til øvrige riksvegar i Nordland. I tillegg er det lagt til grunn eit bompengebidrag på 109 mill. kr (omrekna til 2007-prisnivå).

På grunn av større prisauke frå 2005 til 2006 enn rekna med då handlingsprogrammet for perioden 2006 – 2009 blei fastsett, er finansieringsbehovet noko høgare enn føresett i handlingsprogrammet. I tillegg kjem utgifter til etablering av bomstasjon. Meirbehovet som følgje av prisauken er føresett fordelt mellom statlege midlar og bompengar som i opphavleg finansieringsplan. Bomstasjonen skal finansierast med bompengar. Etter dette er det lagt til grunn ein finansieringsplan for rv 17 som vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1 Forslag til finansieringsplan rv 17 (tal i mill. 2007-kr)

Statlege midlar112
Bompengar119
Sum231

Ein eventuell kostnadsauke skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. For rv 17 Tverlandet – Godøystraumen er det føresett at 51,6 pst. av kostnadene skal finansierast med bompengar. Bompengeselskapet og staten skal dekkje kostnadsauke inntil 10 pst. fordelt etter forholdet mellom statlege midlar og bompengar i prosjektet. Kostnadsauke ut over 10 pst. er staten sitt ansvar, og skal dekkjast innanfor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Nordland.

Det er planlagt anleggsstart på rv 17 hausten 2007, med trafikkopning hausten 2009. Det er venta eit forbruk på 35 mill. kr i 2007. Prosjektet har fått ei løyving på 25 mill. kr i 2007, jf. St.prp. nr. 1 (2006 – 2007). Det blir følgjeleg lagt til grunn at bompengeselskapet stiller 10 mill. kr til disposisjon.

5.1.2 Rv 80 Røvika – Strømsnes, rv 80 Mjøneskleiva og rv 80 Gang- og sykkelveg Stranda – Klungset

Prosjekta på rv 80 har eit samla kostnadsoverslag på 320 mill. kr. I Statens vegvesen sitt handlingsprogram/planleggingsprogram for perioden 2006 – 2015 er det lagt til grunn 330 mill. kr innanfor stamvegramma til prosjekt på rv 80. Av desse midlane er det lagt opp til å bruke 128 mill. kr til prosjekta på rv 80 innanfor Vegpakke Salten fase I, fordelt med 10 mill. kr i første fireårsperiode (2006 – 2009) og 118 mill. kr i siste seksårsperiode. I tillegg er det lagt til grunn eit bompengebidrag på 192 mill. kr. Etter dette er det lagt til grunn ein finansieringsplan for rv 80 som vist i tabell 5.2.

Tabell 5.2 Forslag til finansieringsplan rv 80 (tal i mill. 2007-kr)

Statlege midlar128
Bompengar192
Sum320

Ein eventuell kostnadsauke skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. For prosjekta på rv 80 skal 60 pst. av kostnadene finansierast med bompengar. Bompengeselskapet og staten skal dekkje kostnadsauke inntil 10 pst. fordelt etter forholdet mellom statlege midlar og bompengar. Kostnadsauke ut over 10 pst. er staten sitt ansvar, og skal dekkjast innanfor stamvegramma.

Anleggsarbeida på rv 80 Røvika – Strømsnes skal etter planen starte opp sommaren 2008, med trafikkopning i løpet av 2010. Det blir lagt opp til utbetring i Mjøneskleiva i 2008 og bygging av gang- og sykkelvegen mellom Stranda og Klungset i 2010.

5.2 Bomstasjonsplassering og bompengeopplegg

5.2.1 Rv 17 Godøystraumen

Det blir etablert tovegs bompengeinnkrevjing på rv 17 ved Godøystraumen sør for krysset mellom ny og gammal veg, jf. figur 2.1. Dette medfører at trafikantane ikkje får høve til betalingsfri omkøyring. Reguleringsplanen for bomstasjonsområdet er vedteken. Bompengeopplegget er basert på etterskottsinnkrevjing frå trafikkopning hausten 2009.

Følgjande takstar er lagt til grunn (2006-kr):

  • Lette køyretøy (tillaten totalvekt t.o.m. 3 500 kg): 22 kr

  • Tunge køyretøy (tillaten totalvekt over 3 500 kg): 44 kr

Følgjande føresetnader er elles lagt til grunn:

  • Betalande ÅDT på 2 100 køyretøy første året etter trafikkopning.

  • Årleg trafikkvekst på 1,1 pst.

  • Årleg innkrevjingskostnad på 2 mill. kr.

  • Gjennomsnittleg inntekt pr. køyretøy på 14,40 2006-kr.

Innkrevjingskostnadene utgjer om lag 18 pst. av bompengeinntektene.

5.2.2 Rv 80 Strømsnes

Det blir etablert tovegs bompengeinnkrevjing på rv 80 ved Strømsnes, jf. figur 2.1. I tråd med kommunane sine vedtak om innkrevjingsopplegg vil det vere gratis å køyre dagens rv 80 mellom Røvika og Strømsnes. Reguleringsplanen for bomstasjonsområdet er vedteken. Bompengeopplegget er basert på etterskottsinnkrevjing frå trafikkopning i løpet av 2010.

Følgjande takstar er lagt til grunn (2006-kr):

  • Lette køyretøy (tillaten totalvekt t.o.m. 3 500 kg): 27 kr

  • Tunge køyretøy (tillaten totalvekt over 3 500 kg): 54 kr

Følgjande føresetnader er elles lagt til grunn:

  • Betalande ÅDT på 3 000 køyretøy første året etter trafikkopning.

  • Årleg trafikkvekst på 1,3 pst.

  • Årleg innkrevjingskostnad på 2 mill. kr.

  • Gjennomsnittleg inntekt pr. køyretøy på 17,60 2006-kr.

Innkrevjingskostnadene utgjer om lag 10 pst. av bompengeinntektene.

5.3 Felles finansieringsføresetnader

Følgjande felles føresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente 6,5 pst.

  • Årleg prisstiging 2 pst.

Det er føresett takst- og rabattsystem i tråd med gjeldande retningslinjer. Det blir ikkje betalingsfritak ved passering av begge bomstasjonane innanfor eit tidsrom, men det er lagt opp til felles rabattsystem for dei to bomstasjonane. Takstane er føresette justerte i samsvar med prisutviklinga. Det er lagt til grunn både manuell betaling med kort/mynt og elektronisk innkrevjing tilpassa AutoPASS-systemet.

Dersom økonomien til bompengeselskapet blir svakare enn rekna med, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstiginga og forlengje innkrevjingsperioden med inntil 5 år for ein eller begge bomstasjonane. For å sikre nedbetaling av den totale gjelda til bompengeselskapet kan det bli naudsynt med takstauke og forlenga innkrevjing i begge bomstasjonane. Bompengeselskapet har pålegg om å føre rekneskapen med eit klart skilje mellom tiltaka på rv 17 og på rv 80 slik at faren for kryssubsidiering er redusert til ein eventuell konkurs.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden utrekna til i underkant av 15 år både ved Godøystraumen og ved Strømsnes. Lånerente på 6,5 pst. føreset at det før anleggsstart ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innanfor denne renta i ein periode på 10 – 15 år.

Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:

  • 10 pst. kostnadsauke.

  • Betalande ÅDT på 1 850 køyretøy ved Godøystraumen og 2 600 køyretøy ved Strømsnes første året etter trafikkopning.

  • Halvert trafikkvekst.

  • 50 pst. høgare innkrevjingskostnader.

  • Takstauke på 20 pst. etter 2 år.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden utrekna til om lag 24 år ved begge bomstasjonane. Prosjekta let seg dermed ikkje nedbetale innanfor den tillatne bompengeperioden. I eit slikt tilfelle vil ordninga med betinga refusjon bli nytta, jf. kapittel 5.4.

5.4 Fylkeskommunal garanti og refusjon på vilkår

Som det går fram av dei lokalpolitiske vedtaka i kapittel 3, har Bodø og Fauske kommunar og Nordland fylkeskommune vedteke å stille garanti for eit bompengelån på til saman 305 mill. kr, fordelt med respektive delar på 10, 40 og 50 pst. Den maksimale gjelda til selskapet er utrekna til om lag 400 mill. kr i 2009/2010. Garantien vil fyrst komme til utbetaling dersom bompengeselskapet si gjeld ikkje er mogeleg å handtere etter at realtakstane er auka med inntil 20 pst., innkrevjingsperioden er forlenga med inntil 5 år og betinga refusjon er utbetalt. Den fylkeskommunale garantien er godkjend av Kommunal- og regionaldepartementet. Dei kommunale garantiane må godkjennast av fylkesmannen i Nordland før anleggsstart.

Som det går fram av kapittel 3 (vedtak E og J), har Nordland fylkeskommune vedteke at ordninga med betinga refusjon kan nyttast dersom bompengeselskapet ikkje kan oppfylle dei økonomiske pliktene sine. Betinga refusjon inneber utbetaling over den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Nordland både for rv 17 og rv 80. Betinga refusjon blir nytta dersom gjelda ikkje let seg nedbetale etter takstauke på 20 pst. og 20 års innkrevjing.

Fylkeskommunen har ikkje omtala storleiken på refusjonen i vedtaket sitt. Statens vegvesen har derfor med utgangspunkt i det pessimistiske reknestykket i kapittel 5.3, rekna ut at det samla behovet for betinga refusjon vil liggje på i overkant av 50 mill. kr i siste del av perioden 2010 – 2015 for å kunne nedbetale lånegjelda på 20 år. I reknestykket er refusjonen fordelt med 20 mill. kr til rv 17 Tverlandet – Godøystraumen og 30 mill. kr til prosjekta på rv 80.