St.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av rv 17 Tverlandet – Godøystraumen og rv 80 Røvika – Strømsnes i Bodø og Fauske kommunar i Nordland (Vegpakke Salten fase I)

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Det er gjennomført analysar av trafikken gjennom bomstasjonspunkta. Etter dette er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1,1 pst. på rv 17 ved Godøystraumen og 1,3 pst. på rv 80 ved Strømsnes. For Strømsnes er auken høgare enn prognosane på 1,1 pst. som er utarbeidde for Nordland i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2006 – 2015, men i samsvar med teljingane seinare år. Salten er eit vekstområde som kan vente høgare befolknings- og trafikkvekst enn i fylket generelt.

4.1 Rv 17 Godøystraumen

Rv 17 er ein del av ein nasjonal turistveg, og har omfattande turisttrafikk samt fritidsreiser frå Bodø-området i sommarhalvåret. Det er også ein stor del arbeids- og skulereiser frå Saltstraumen og Skjerstad inn til Tverlandet og Bodø. I dag ligg ÅDT på om lag 2 400 køyretøy der innkrevjinga i bomstasjonen skal starte i 2009. ÅDT i 2009 er rekna til om lag 2 450 køyretøy utan bompengeinnkrevjing. I finansieringsanalysen er det lagt til grunn ein eingangsnedgang i trafikken på om lag 350 køyretøy når innkrevjinga startar. ÅDT gjennom bomstasjonen det fyrste året med bompengeinnkrevjing er dermed rekna til om lag 2 100 køyretøy.

4.2 Rv 80 Strømsnes

Rv 80 ved Strømsnes har ein stor del pendlar- og lokaltrafikk mellom Bodø og Fauske og mellom Valnesfjord (Strømsnes) og Fauske. Avstanden mellom Bodø og Fauske er i dag om lag 60 km. Ei innkorting av strekninga mellom Bodø og Fauske på 7 km reduserer køyrelengda med om lag 11 pst. Mellom Fauske og Valnesfjord gir innkortinga ein reduksjon av køyrelengda på 35 pst. Innkortinga er venta å gi ein auke av totaltrafikken på den nye vegen. Då det framleis vil vere gratis å nytte dagens rv 80, er det venta ein del trafikklekkasje frå den nye rv 80-strekninga.

I dag ligg ÅDT på om lag 3 400 køyretøy der innkrevjinga i bomstasjonen skal starte i 2010. ÅDT i 2010 er rekna til om lag 3 600 køyretøy utan bompengeinnkrevjing. I finansieringsanalysen er det lagt til grunn om lag 600 køyretøy i samla eingangsnedgang/omkøyring når innkrevjinga startar, slik at ÅDT gjennom bomstasjonen det fyrste året med bompengeinnkrevjing er rekna til om lag 3 000 køyretøy. Ved ein eventuell svikt i inntektene som følgje av stor trafikklekkasje til dagens rv 80, legg Statens vegvesen til grunn at det blir vurdert trafikkregulerande tiltak for å redusere høvet til omkøyring. Det er pr. i dag ikkje klart kva slags tiltak dette vil vere. Det vil ikkje bli sett opp bom på omkøyringsvegen.