St.prp. nr. 62 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd iEØS-komiteen nr. 33/2003 av 14. mars 2003 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF)nr. 1360/2002 om bruk av fartsskrivarinnan vegtransport

Til innhaldsliste

2 Nærmare om forordninga

Forordning 1360/2002 høyrer nært saman med forordning (EF) nr. 2135/98 om endring av forordning 3821/85/EF om bruk av fartsskrivar innan vegtransport. I avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/1999 vart det vedteke at forordning (EF) nr. 2135/98 skulle takast inn i EØS-avtala.

Den digitale fartsskrivaren vart introdusert ved forordning (EF) nr. 2135/98. Dei nærmare tekniske detaljane for fartsskrivaren og fartsskrivarkorta vart utsette pga. usemje, og vart seinare lagde fram i forordning (EF) nr. 1360/2002.

Fartsskrivaren skal vere samansett av ei datamaskin som gjer det mogleg å lagre ulike typar opplysningar, så som farten til køyretøyet, tilbakelagd avstand, tidsopplysningar og overvaking av føraraktivitetar. Han vil òg gje høve til manuell innlesing frå føraren, og til varsling når det oppstår feil. Opplysningar om ein føraraktivitet kan lagrast både i fartsskrivaren og sjåførkortet. Fartsskrivarkorta vil vere av typen minnekort, dvs. at dei vil vere utstyrde med ei elektronisk eining som kan lagre ulike data. Etter forordning (EF) nr. 2135/98 har medlemsstatane ansvaret for å utferde fire fartsskrivarkort: sjåførkort, føretakskort, verkstadkort/installatørkort og kontrollkort.

Etter forordning (EF) nr. 2135/98 skal køyretøy som vert tekne i bruk første gongen meir enn 24 månader etter at det tekniske vedlegget (dvs. forordning (EF) nr. 1360/2002) er kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa, vere utstyrde med digital fartsskrivar i samsvar med dei tekniske krava i forordning (EF) nr. 1360/2002. I tillegg skal medlemsstatane 21 månader etter kunngjeringa vere i stand til å utferde digitale fartsskrivarkort. Forordninga vart kunngjord 5. august 2002.

Innføringa av ein ny digital fartsskrivar er meint å skulle gjere kontrollen av køyre- og kviletider enklare og mindre tidkrevjande. Det at regelverket vert enklare å kontrollere, vil truleg gjere det mindre attraktivt å bryte reglane. Ein reknar at auka etterleving av køyre- og kviletidsreglane vil gje samfunnmessige vinstar i form av betre trafikktryggleik og auka konkurranselikskap mellom transportføretak.