St.prp. nr. 62 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd iEØS-komiteen nr. 33/2003 av 14. mars 2003 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF)nr. 1360/2002 om bruk av fartsskrivarinnan vegtransport

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Utferdinga av fartsskrivarkort vil føre til kostnader for det offentlege. Det er usikkert kor høg produksjonskostnaden per kort vil verte, noko som m.a. vil vere avhengig av graden av personalisering av korta. Kostnadene for korta vil truleg verte høgare enn for førarkort, og kan kome opp mot kr. 1 000,- per kort. Det framlegget til lovendring som skal gjerast, vil gje heimel for å krevje gebyr for utferding av alle korta, bortsett frå kontrollkort.

I startfasen vil det offentlege få utgifter til førebuing av kortproduksjon og til opplæring av kontrollørar og dei som skal drifte systemet ved trafikkstasjonane. Det vil kome på driftsutgifter m.a. i samband med utferding av kort, og det må òg utviklast eit dataforvaltingssystem for utferda kort. Utgiftene til kontrollkort vil vere ei kontinuerleg utgift for staten. Kontrollstyresmaktene vil truleg måtte kjøpe inn handterminalar for kontroll av fartsskrivarane. Førebels er det ikkje mogleg å seie noko eksakt om storleiken på desse kostnadene. Det ligg førebels til rette for at desse utgiftene skal dekkjast innanfor det ordinære budsjettet til Samferdselsdepartementet.

For eigarar av køyretøy som vert registrerte første gongen 24 månader etter kunngjeringa, og av køyretøy som byter fartsskrivar etter datoen då forordninga tek til å gjelde, og som er omfatta av reglane, vil kostnadene ha samanheng med prisen på fartsskrivaren og på montasje.

Kostnadene for eigarar av køyretøy som har både analoge og digitale fartsskrivarar, vil auke jamført med i dag, både når det gjeld innkjøp av det utstyret som er naudsynt, og forvalting av begge systema. I tillegg kjem kostnader i samband med periodisk ettersyn av fartsskrivaren hos installatør/verkstad, ettersom forordning (EF) nr. 1360/2002 stiller krav om at fartsskrivaren skal ha eit periodisk ettersyn minst éin gong innanfor to år. Dette kravet svarar til det som gjeld for analoge fartsskrivarar.

For verkstadene som skal arbeide med den nye digitale fartsskrivaren, vil det kome på kostnader ved nyskaffing av utstyr som er kompatibelt med denne fartsskrivaren.