St.prp. nr. 62 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av Tiltak 1 av 20. juni 2003 om oppretting av eit sekretariat under Antarktistraktaten av 1. desember 1959

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Den norske verksemda i Antarktis tok til med oppdagingsferder mot slutten av det nittande hundreåret. Nordmenn utvikla den pelagiske kvalfangsten, som var på sitt høgste i tiåra før og etter andre verdskrigen. Etter ein sterk nedgang for dei mest etterspurde kvalslaga vart denne fangsten avvikla på 1960-talet. Noreg var eit føregangsland i freistnadene på å kontrollere fangsten gjennom opprettinga av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC). Norske oppdagarar og vitskapsmenn, i dei seinare åra også eventyrarar og sportsutøvarar, er stadig aktive i Antarktis. Det er såleis naturleg at Noreg har spela og framleis spelar ei viktig rolle i den internasjonale styringa av Antarktis.

Denne rolla kom i første halvdelen av førre hundreåret til uttrykk ved at først Bouvet-øya i 1928, deretter Peter I"s øy i 1931 og Dronning Maud Land i 1939, vart tekne under norsk statsvelde og gjorde til såkalla biland. Det var særleg omsynet til nettopp kvalfangstnæringa som låg bak det norske landnåmet i Antarktis. Det høyrer likevel med i biletet at dette skjedde på ei tid da fleire land var aktive og annekterte område der. Det som var det uttalte føremålet med den største norske anneksjonen – av Dronning Maud Land – var ikkje å ekskludere andre statar, men å hindre diskriminering av norsk fangst i høve til den fangsten andre statar dreiv. I alt gjorde sju statar, nemleg Argentina, Australia, Chile, Frankrike, New Zealand, Noreg og Storbritannia, territoriale krav gjeldande i Antarktis.

Den norske interessa for Antarktis fekk eit naturleg uttrykk i aktivt arbeid for og oppslutning om Antarktistraktaten. Denne vart tinga fram av dei tolv landa som hadde teke aktivt del i forskingsarbeidet i Antarktis under Det internasjonale geofysiske året 1957-58.

Dei norske interessene i Antarktis har auka dei siste åra. Såleis står norskregistrerte skip for ein firedel av den aukande turismen til kontinentet. Noreg er òg største fiskerinasjon i dei farvatna som vert forvalta av Kommisjonen for vern av antarktiske marine ressursar (CCAMLR). Det sterke norske engasjementet i Antarktis har óg fått uttrykk ved at det er oppretta ein heilårs norsk forskingsstasjon der, Troll-stasjonen, med tilknytt flystripe. Stasjonen vart i 2005 vitja av H.M. Dronning Sonja. Sett på bakgrunn av den stadig tiltakande norske verksemda i Antarktis er det naturleg at Noreg held oppe ei aktiv rolle i samarbeidet under Antarktistraktaten og støttar opp om det nye sekretariatet.