St.prp. nr. 62 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av Tiltak 1 av 20. juni 2003 om oppretting av eit sekretariat under Antarktistraktaten av 1. desember 1959

Til innhaldsliste

3 Tingingane om sekretariatet

Antarktistraktaten krev at samrådspartane skal møtast med passande mellomrom. Slike møte vart haldne annakvart år fram til 1994. Sidan har det vore årlege møte 1 . Noreg har vore vertsland for to møte, VIII ATCM i Oslo 1975 og XXII ATCM i Tromsø 1998.

Til no har sekretariatsfunksjonane gått på omgang mellom vertslanda for møta. Slik vil det vere fram til Tiltak 1 (2003) tek til å gjelde. Ordninga har fungert på eit vis, men har ført til mindre fokus på samarbeidet mellom møta og slik hemma kontinuiteten i verksemda. Ordninga har også vore svært dyr for vertslanda. Såleis kosta det 22. samrådsmøtet i Tromsø det norske vertskapet over åtte millionar kroner. Av dette beløpet gjekk om lag halvparten til tolke- og omsetjingsarbeid til dei fire obligatoriske språka i Antarktis-samarbeidet (engelsk, fransk, russisk og spansk).

Det er venta at nokre slike kostnader vil bli dekte av sekretariatet når Tiltak 1 (2003) trer i kraft.

Mot denne bakgrunnen har både Noreg og dei andre samrådspartane lenge meint at eit permanent sekretariat er naudsynt. Dette kom første gongen til uttrykk på det 17. samrådsmøtet (XVII ATCM) i Venezia i 1992. Det skulle likevel gå fleire år før partane vart samde om kvar sekretariatet skulle liggje. Det var Storbritannia som blokkerte ei konsensusløysing om å leggje det til Buenos Aires. Dette hang saman med det heller dårlege tilhøvet mellom Storbritannia og Argentina etter Falklandskrigen i 1982. Storbritannia var ope for eit alternativ til den argentinske hovudstaden. Dette synte seg likevel ikkje å vere nok til å skape framgang i tingingane. I denne fastlåste situasjonen søkte Australia på samrådsmøtet i Tromsø i 1998 å fremje Hobart på Tasmania som kompromisskandidat til stadvalet. Men møtet greidde berre å få til semje om å halde fram med lokaliseringsarbeidet.

Gjennombrotet kom tre år seinare på det 24. samrådsmøtet (XXIV ATCM) i St. Petersburg i 2001. Storbritannia gav då opp motstanden mot Buenos Aires, som eit ledd i normaliseringa av tilhøvet til Argentina. Og på møtet i Warszawa året etter (XXV ATCM) var det konsensus om ein framgangsmåte i to steg. Det vart då gjeve grønt lys for å setje i verk førebuingar til å opprette sekretariatet, før nærare detaljar vart endeleg fastlagde i formelt vedtak. Etter uformelle møte i Buenos Aires gjorde det 26. samrådsmøtet i Madrid i 2003 (XXVI ATCM) det endelege vedtaket om oppretting av sekretariatet. Sekretariatet vart deretter etablert året etter gjennom Tiltak 1 (2003). På samrådsmøtet i Cape Town same året (XXVII ATCM 2004) vart den nederlandske diplomaten Jan Huber vald til eksekutivsekretær.

Fotnotar

1.

Med eit unntak (2000).