St.prp. nr. 62 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av Tiltak 1 av 20. juni 2003 om oppretting av eit sekretariat under Antarktistraktaten av 1. desember 1959

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Av artikkel 4 går det fram at ein halvpart av budsjettet skal betalast ved like tilskot frå alle samrådspartane, medan den andre halvparten skal vere tilskot frå partane i høve til den nasjonale aktiviteten deira i Antarktis, samstundes som det skal takast omsyn til betalingsevna deira.

Noreg har lange tradisjonar i Antarktis og store interesser i området som kravshavar og innan forsking, fiskeri og turisme. Noreg har sidan starten av det internasjonale samarbeidet under Antarktistraktaten også hatt ei aktiv rolle i å utvikle og betre samarbeidet. På denne bakgrunnen er Noreg plassert i kategorien for høgste årlege tilskot, dvs. om lag USD 48 000 (med inflasjonsjustering), som tilsvarar om lag 350 000 kroner.

Det norske tilskotet til sekretariatet vart i 2004 og 2005 løyvd over budsjettet for Utanriksdepartementet (Kap. 197, Bistand til ikkje-ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak, Post 76, Tilskot til internasjonale klima- og miljøtiltak). Ein tek sikte på overføre 350 000 kroner frå dette kapitlet til kap. 116, post 70 i samband med den vanlege budsjettprosessen, som er den naturlege budsjettposten nå som sekretariatet er oppretta og i drift.

Elles vil ikkje norsk deltaking i sekretariatet innebere nemnande administrative og økonomiske konsekvensar.