St.prp. nr. 68 (2006-2007)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

4.1 Forhandlingar mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten Group ASA

Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) vedtok Stortinget å innføre ei NOX-avgift for sjøgåande transport frå 1. januar 2007 og innføre ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift på ny frå 1. januar 2007. Det blei også vedteke å utvide ordninga med nettoløn, slik at ho òg skal gjelde for den del av mannskapet som har anvaret for tryggleiken om bord på alle hurtigruteskipa frå 1. juli 2007.

I St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) opplyste departementet at desse endringane ville utløyse forhandlingar mellom Hurtigruten Group ASA og Samferdselsdepartementet i høve til avtalen for 2005 – 2012 for den delen av verksemda til Hurtigruta som er knytt opp til det statlege kjøpet.

Slike forhandlingar mellom selskapet og departementet er innleidd. Hovudregelen i forskrifta som gjeld NOX-avgifta, er at avgifta skal fastsetjast ut frå dei faktiske utsleppa frå det einskilde fartøy. Sjablongverdiar basert på motortype skal berre leggjast til grunn når dei faktiske utsleppa ikkje er kjende eller kjeldespesifikk utsleppsfaktor ikkje ligg føre. På bakgrunn av dette er partane samde om at selskapet skal gjennomføre nødvendige målingar på aktuelle fartøy for å få eit grunnlag for å vurdere verknaden av NOX-avgifta før forhandlingane om endringar i avtalen held fram.

Samferdselsdepartementet tek sikte på å komme tilbake med resultatet av desse forhandlingane til hausten og med eit eventuelt framlegg om budsjettmessige endringar.

Til forsida