St.prp. nr. 68 (2006-2007)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

5.1 Nedlegging av sidebana Skoppum – Horten

Hortenlinja mellom Skoppum og Horten er eit 7 km langt sidespor som er knytt til Vestfoldbana. Sidesporet blei brukt til både person- og godstrafikk. Persontrafikken blei nedlagd for 40 år sidan, nærmare bestemt i mai 1967, medan det blei slutt på godstrafikken i januar 2002. Sidesporet har sidan blitt liggjande ubrukt utan teknisk vedlikehald. Sjølve jernbanesporet er intakt, men det er nødvendig med eit omfattande opprustingsarbeid om det skal takast i bruk til jernbanetrafikk. Horten kommune har i forslag til kommuneplan gått inn for at sidesporet blir lagt ned og at det i staden blir brukt til gang- og sykkelveg. Det er brei politisk semje om dette i kommunen. Forslaget har dessutan fått støtte frå Vestfold fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestfold. På denne bakgrunn har Horten kommune søkt Jernbaneverket om at sidesporet blir lagt ned og at traseen i staden blir brukt til gang- og sykkelveg i samband med bygginga av ny rv 306. Statens vegvesen ønskjer også å bruke jernbanetraseen til gang- og sykkelveg langs den nye riksvegen da dette vil gi ei betre løysing for vegen, samstundes med at ein på denne måten sparer dyrka mark og unngår kryssingspunkt mellom vegen og jernbanesporet. Ei nedlegging av sidesporet vil dessutan frigjere areal på Skoppum stasjon på Vestfoldbana som kan brukast til å auke parkeringsarealet i tilknyting til stasjonen.

Samferdselsdepartementet meiner det vil vere fornuftig ressursbruk at den nedlagde jernbanestrekninga blir brukt til gang- og sykkelveg. På denne bakgrunn foreslår departementet at dei jernbanetekniske installasjonane saman med banelegemet, blir fjerna og at traseen i staden blir brukt til gang- og sykkelveg i samsvar med ønsket frå kommunen. Samferdselsdepartementet legg til grunn at retningsliner som tidlegare har blitt lagde til grunn for avhending av fast eigedom ved nedlegging av sidebaner, framleis gjeld og blir lagde til grunn i denne saka. Departementet viser til St.prp. nr. 60/Innst. S. nr. 111 (1988 – 89) som framleis gjeld for avhending av grunn og eigedomar ved nedlegging av sidebaner som tilhøyrer Jernbaneverket. Etter desse retningslinene skal avhending av jernbanetrase som framleis vil bli nytta til samferdselsformål, skje utan vederlag og i samråd med kommunen. På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet at den nedlagde jernbanetraseen blir overført utan vederlag til Horten kommune og at Jernbaneverket i samråd med kommunen og Statens vegvesen får høve til å avgjere kva som vil vere den mest praktiske avgrensinga med omsyn til framtidig eigarskap av det frigitte arealet knytt til den nedlagde jernbanestrekninga.

5.2 Auka kostnadsoverslag for dobbeltsporet Sandnes – Stavanger og Alnabruterminalen

I St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) er dobbeltsporet Sandnes–Stavanger omtalt med ei kostnadsramme på 1 575 mill. 2007-kr (estimat for uvisse: 85/15) og ei styringsramma på 1 394 mill. kr (estimat for uvisse: 50/50). Prosjektet blei eksternt kvalitetssikra i september 2005 (KS2). Jernbaneverket har i brev av 12. april 2007 informert Samferdselsdepartementet om at kostnadsramma for prosjektet ser ut til å bli overskriden. Departementet vil komme tilbake til saka på høveleg måte.

I St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) er Alnabru godsterminal omtalt med eit kostnadsoverslag på 219 mill. 2007-kr. Prosjektet har ikkje vore eksternt kvalitetssikra da kostnadsramma var lågare enn grensa for ekstern kvalitetssikring (500 mill. kr). Det er løyvd om lag 106 mill. kr. Løyvinga for 2007 utgjer 80 mill. kr.

Som det går fram av St.prp. nr. 1 (2006 – 2007), er konseptet for den nye terminalen endra frå bruk av truckar til bruk av kranar som lyftereiskap. Endringa av konseptet frå truck til kranbasert løysing inneber ein monaleg auke i kapasiteten; frå om lag 240 000 TEU til 600 000 TEU. Jernbaneverket har i brevet av 12. april 2007 informert Samferdselsdepartementet om at ut frå nye utgreiingar som Jernbaneverket no har gjort, viser det seg at kostnadsoverslaget på 219 mill. kr er altfor lågt. Nye utgreiingar viser at prosjektet vil koste om lag 685 mill. kr (ekskl. kostnader til lyftekranar på den nye terminalen som den nye terminaldriftaren må bere). Kvalitetssikringa av planane som var grunnlaget for det opphavlege kostnadsoverslaget og informasjonen i St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) var mangelfull. Dei nye utgreiingane er gjorde med basis i betre og meir detaljerte planar. Dei nye planane viser m.a. at Jernbaneverket må leggje meir ressursar i fundamentering og straumforsyning for containerkranane, og at ombygginga av signalanlegga blir meir kostbare.

Jernbaneverket utarbeider no ein ny hovudplan for prosjektet med tilhøyrande kostnadsoverslag og framdriftsplan som tidlegast kan leggjast fram for Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2008. Dette inneber at utbygginga av ny containerterminal på Alnabru vil bli forseinka ut frå det som ein tidlegare har rekna med. Trafikksituasjonen på terminalen er i dag sterkt pressa og har nådd taket for kor mykje gods som kan handterast på terminalen utan at det skaper store driftsproblem for godstrafikken med jernbane. Jernbaneverket i samarbeid med CargoNet vurderer difor å setje i verk mellombelse tiltak på dagens terminal for å kunne medverke til ei løysing på kapasitetsproblemet fram til den nye terminalen står ferdig. Samferdselsdepartementet legg opp til at den avsette løyvinga på 80 mill. kr i 2007 blir nytta til å dekkje utgifter til planlegging og grunnerverv m.m til den nye terminalen, i tillegg til at løyvinga kan brukast til å gjennomføre mellombelse tiltak på dagens terminal. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saka i samband med budsjettet for 2008. Ny kostnadsramme for prosjektet vil bli lagd fram for Stortinget etter at ekstern kvalitetssikring (KS2) er gjennomført for prosjektet.

Til forsida