St.prp. nr. 70 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 152/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennom­føringstiltak for direktiv 2005/60 EF – definisjon av «politisk utsett person» m.v.

Til innhaldsliste

2 Kommisjonsdirektiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om fastsetjing av gjennomføringstiltak for europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/60/EF med omsyn til definisjonen av «politisk utsett person» og dei tekniske kriteria for forenkla framgangsmåtar for kundekontroll og for unntak i tilfelle der finansiell verksemd vert driven tilfeldig eller i svært avgrensa omfang

KOMMISJONEN FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA HAR –

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet,

med tilvising til europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/60/EF av 26. oktober 2005 om tiltak for å hindre at det finansielle system brukes til hvitvasking og finansiering av terrorisme 1, særleg artikkel 40 nr. 1 bokstav a), b) og d), og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Etter direktiv 2005/60/EF skal institusjonar og personar som er omfatta av direktivet, på grunnlag av ei risikovurdering nytte tiltak for utvida kundekontroll når det gjeld transaksjonar eller forretningssamband med politisk utsette personar som er busette i ein annan medlemsstat eller i ein tredjestat. Når det gjeld denne risikoanalysen, bør det av omsyn til ressursane til dei institusjonane og personane som er omfatta, leggjast særleg vekt på produkt og transaksjonar som er kjenneteikna av å vere utsette for ein høg risiko for kvitvasking. «Politisk utsette personar» tyder personar som er pålagde viktige offentlege verv, den næraste familien deira eller personar som er kjende som nære medarbeidarar til slike personar. For at omgrepet politisk utsett person skal kunne nyttast på ein samanhengande måte når det skal fastleggjast kva persongrupper som skal omfattast, er det særs viktig å ta omsyn til sosiale, politiske og økonomiske ulikskapar mellom dei statane som det gjeld.

  2. Det kan hende at institusjonar og personar som er omfatta av direktiv 2005/60/EF, ikkje lukkast i å identifisere ein kunde som høyrer inn under ei av gruppene av politisk utsette personar, trass i at dei har gjort rimelege og høvelege tiltak for dette føremålet. I slike tilfelle bør medlemsstatane, når dei utøver avgjerdsmakta si med omsyn til bruken av det førnemnde direktivet, ta tilbørleg omsyn til trongen for å sikre at desse personane ikkje automatisk vert pålagde ansvaret for ikkje å ha lukkast med dette. Medlemsstatane bør òg vurdere om dei kan gjere det enklare å stette krava i direktivet ved å gje dei aktuelle institusjonane og personane den rettleiinga som er naudsynt.

  3. Offentlege verv på lågare nivå enn på nasjonalt nivå, bør vanlegvis ikkje reknast som viktige. I tilfelle der den politiske eksponeringa deira kan jamførast med liknande verv på nasjonalt nivå, bør dei institusjonane og personane som er omfatta av dette direktivet, likevel vurdere, på grunnlag av ei risikovurdering, om personar som har desse offentlege verva bør reknast som politisk utsette personar.

  4. Når det i direktiv 2005/60/EF krevst at institusjonar og personar som er omfatta av direktivet, skal identifisere nære medarbeidarar av fysiske personar som er pålagde viktige offentlege verv, skal dette kravet nyttast i den grad sambandet med medarbeidaren er offentleg kjent eller institusjonen eller personen har grunn til å tru at det finst eit slikt samband. Følgjeleg er det ingen føresetnad at dei institusjonane og personane som er omfatta av direktivet, har gjort aktive granskingar med omsyn til dette.

  5. Personar som høyrer inn under omgrepet politisk utsette personar, bør ikkje etter ein minsteperiode reknast for å tilhøyre denne gruppa når dei ikkje lenger er pålagde noko viktig offentleg verv.

  6. Ettersom dei allmenne framgangsmåtane for kundekontroll i medhald av direktiv 2005/60/EF skal nyttast på situasjonar som inneber låg risiko, og ettersom forenkla framgangsmåtar for kundekontroll krev at det vert gjennomført høvelege kontrollar andre stader i systemet med sikte på å hindre kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme, bør bruken av framgangsmåtar for forenkla kundekontroll innskrenkast til eit fåtal av tilfelle. I desse tilfella er institusjonar og personar som er omfatta av det nemnde direktivet, framleis underlagde krava i direktivet, og det er venta at dei m.a. jamleg overvakar forretningskontaktar for å kunne oppdage kompliserte eller uvanleg store transaksjonar som ikkje har noko klart økonomisk eller påviseleg lovleg føremål.

  7. Innanlandske styresmakter vert vanlegvis rekna for å vere lågrisikokundar innanfor sin eigen medlemsstat, og kan i samsvar med direktiv 2005/60/EF verte underlagde framgangsmåtar for forenkla kundekontroll. Likevel er det ingen av institusjonane, organa, kontora eller byråa til Fellesskapet, medrekna Den europeiske sentralbanken (ESB), som er direkte omfatta av krava til forenkla kundekontroll i direktivet under gruppa «innanlandsk styresmakt» eller når det gjeld ESB, gruppa «kreditt- og finansinstitusjon». Men ettersom desse einingane ikkje verkar å innebere nokon høg risiko når det gjeld kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme, bør dei reknast som lågrisikokundar risiko og derfor vere omfatta av framgangsmåtane for forenkla kundekontroll, på det vilkåret at dei stettar visse kriterium.

  8. Det bør òg vere mogleg å nytte framgangsmåtar for forenkla kundekontroll i tilfelle der rettssubjekt som driv finansiell verksemd som ikkje høyrer inn under definisjonen av finansinstitusjon i medhald av direktiv 2005/60/EF, men som er underlagde nasjonal lovgjeving i medhald av det nemnde direktivet og stettar krava til tilstrekkeleg oversikt når det gjeld identiteten deira og høvelege kontrollordningar, særleg utvida tilsyn. Dette kan vere aktuelt for føretak som yter allmenne forsikringstenester.

  9. Det bør vere mogleg å nytte framgangsmåtar for forenkla kundekontroll på produkt og tilhøyrande transaksjonar i avgrensa omfang, t.d. når nytten av det aktuelle finansielle produktet ikkje generelt kan realiserast av tredjemann og nytten berre kan realiserast på lang sikt, t.d. visse investeringar i form av forsikringspolisar eller spareprodukt, eller tilfelle der føremålet med det finansielle produktet er å finansiere fysiske eigedelar i form av leasingavtaler der den juridiske og reelle eigedomsretten til den underliggjande eigedelen tilhøyrer leasingselskapet, eller i form av forbrukarkreditt av mindre omfang, på det vilkåret at transaksjonane vert utførde gjennom bankkontoar og ligg under ein høveleg terskelverdi. Produkt som er underlagde statleg kontroll og som vanlegvis er retta mot særlege kundegrupper, t.d. spareprodukt for barn, bør vere omfatta av framgangsmåtar for forenkla kundekontroll, sjølv om ikkje alle kriteria er stetta. «Statleg kontroll» bør forståast som verksemd som går lenger enn vanleg tilsyn med finansmarknadene, og bør ikkje forståast slik at det omfattar produkt som er utferda direkte av staten, t.d. obligasjonar.

  10. Før medlemsstatane tillèt bruk av framgangsmåtar for forenkla kundekontroll, bør dei vurdere om kundane eller produkta og dei tilhøyrande transaksjonane inneber låg risiko for kvitvasking av pengar eller finansiering av terroristar, særleg ved å vere spesielt merksame på eventuell verksemd hjå desse kundane eller på eventuelle former for produkt eller transaksjonar som kan reknast for å vere særleg eigna til bruk eller misbruk for føremål som omfattar kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme. Særleg i høve til lågrisikoprodukt bør alle freistnader frå kundane si side til å handle anonymt eller skjule identiteten sin, reknast som ein risikofaktor og som potensielt mistenkjelege.

  11. I visse tilfelle kan fysiske personar eller rettssubjekt drive finansiell verksemd tilfeldig eller i svært avgrensa omfang som tillegg til anna ikkje-finansiell verksemd, t.d. hotell som utfører valutavekslingstenester for gjestene sine. Etter direktiv 2005/60/EF kan medlemsstatane avgjere at finansiell verksemd av denne typen ikkje skal vere omfatta av verkeområdet til direktivet. Vurderinga av om verksemda skal reknast som tilfeldig eller svært avgrensa, bør gjerast med tilvising til kvantitative terskelverdiar i høve til transaksjonane og omsetninga til det føretaket som det gjeld. Desse terskelverdiane bør fastsetjast på nasjonalt plan, alt etter kva type finansiell verksemd det dreier seg om, for såleis å ta omsyn til ulikskapar mellom statane.

  12. Vidare bør ikkje ein person som driv finansiell verksemd tilfeldig eller i svært avgrensa omfang, yte alle typar finansielle tenester til ålmenta, men berre dei tenestene som er naudsynte for å betre resultatet av hovudverksemda si. Når hovudverksemda til ein person har samanheng med verksemd som er omfatta av direktiv 2005/60/EF, bør det ikkje gjevast unntak for tilfeldig eller avgrensa finansiell verksemd, bortsett frå tilfelle der det dreier seg om varehandel.

  13. Visse former for finansiell verksemd, t.d. pengeoverførings- eller betalingsformidlingstenester, er meir utsette for bruk eller misbruk for føremål som omfattar kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme. Det må difor sikrast at desse eller liknande former for finansiell verksemd ikkje får unntak frå verkeområdet til direktiv 2005/60/EF.

  14. Det bør fastsetjast at avgjerder som vert tekne i medhald av artikkel 2 nr. 2 i direktiv 2005/60/EF, kan kallast tilbake så snart som mogleg dersom det er naudsynt.

  15. Medlemsstatane bør sikre at avgjerdene om unntak ikkje vert misbrukte for føremål som omfattar kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme. Dei bør særleg unngå å vedta avgjerder i medhald av artikkel 2 nr. 2 i direktiv 2005/60/EF i tilfelle der det er særleg vanskeleg for dei nasjonale styresmaktene å drive tilsyns- eller handhevingsverksemda si som følgje av at det finst kompetanseområde som er overlappande mellom fleire medlemsstatar, t.d. yting av finansielle tenester om bord i skip som driv transporttenester mellom hamner i ulike medlemsstatar.

  16. Bruken av dette direktivet rører ikkje ved bruken av rådsforordning (EF) nr. 2580/2001 av 27. desember 2001 om særlege restriktive tiltak retta mot visse personar og einingar med sikte på motkjemping av terrorisme 2 og rådsforordning (EF) nr. 881/2002 av 27. mai 2002 om innføring av visse særlege tiltak retta mot visse personar og einingar som er knytte til Osama bin Laden, Al-Qaida-nettverket og Taliban, og om oppheving av rådsforordning (EF) nr. 467/2001 om forbod mot eksport av visse varer og tenester til Afghanistan, om styrking av flygeforbodet og lenging av sperringa av tilgangen på midlar og andre finansielle ressursar med omsyn til Taliban i Afghanistan 3.

  17. Dei tiltaka som er fastsette i dette direktivet, er i samsvar med fråsegna frå Utvalet for førebygging av kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme –

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Artikkel 1

Føremål

I dette direktivet er det fastsett gjennomføringstiltak for direktiv 2005/60/EF med omsyn til følgjande:

  1. dei tekniske sidene ved definisjonen av «politisk utsette personar», som er fastsett i artikkel 3 nr. 8 i det nemnde direktivet,

  2. tekniske kriterium for å vurdere om situasjonar inneber låg risiko for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme slik det er nemnt i artikkel 11 nr. 2 og nr. 5 i det nemnde direktivet,

  3. tekniske kriterium for å vurdere om det i samsvar med artikkel 2 nr. 2 i direktiv 2005/60/EF er rettkome at det nemnde direktivet ikkje vert nytta på visse juridiske eller fysiske personar som driv finansiell verksemd tilfeldig eller i svært avgrensa omfang.

Artikkel 2

Politisk utsette personar

  1. For føremåla med artikkel 3 nr. 8 i direktiv 2005/60/EF skal «fysiske personar som er eller har vore pålagde viktige offentlege verv» omfatte følgjande:

    1. statssjefar, regjeringssjefar, ministrar og viseministrar eller assisterande ministrar,

    2. parlamentsmedlemmer,

    3. medlemmer av høgsterett, forfatningsdomstolar eller andre rettsinnstansar på høgt nivå som tek avgjerder som berre unntaksvis kan ankast,

    4. medlemmer av revisjonsrett eller av styret i sentralbankar,

    5. ambassadørar, chargés d"affaires og høgtståande offiserar i dei væpna styrkane,

    6. medlemmer av dei administrative eller leiande organa eller kontrollargana til statseigde føretak.

    Ingen av dei gruppene som er fastsette i nr. 1 bokstav a)-f), skal forståast slik at dei omfattar tenestemenn på mellomnivå eller på lågare nivå.

    Der det er føremålstenleg, skal dei gruppene som er fastsette i nr. 1 bokstav a)-e), omfatte stillingar på fellesskapsplan og på internasjonalt plan.

  2. For føremåla med artikkel 3 nr. 8 i direktiv 2005/60/EF skal «nære familiemedlemmer» omfatte følgjande:

    1. ektefelle,

    2. partnar som etter nasjonal lovgjeving vert rekna som sidestilt med ektefelle,

    3. barn og deira ektefellar eller partnarar,

    4. foreldre.

  3. For føremåla med artikkel 3 nr. 8 i direktiv 2005/60/EF skal «personar som er kjende som nære medarbeidarar» omfatte følgjande:

    1. fysiske personar som er kjende for å ha felles bruksrett til rettssubjekt eller rettslege ordningar eller på annan måte har nært forretningssamband med ein person som er nemnd i nr. 1,

    2. fysiske personar som har full bruksrett til eit rettssubjekt eller ei rettsleg ordning som er kjend for å vere skipa de facto til gagn for den personen som er nemnd i nr. 1.

  4. Utan at det rører ved bruken av tiltak for utvida kundekontroll på grunnlag av ei risikovurdering, skal dei institusjonane og personane som er nemnde i artikkel 2 nr. 1 i direktiv 2005/60/EF, ikkje lenger ha plikt til å rekne ein person for å vere politisk utsett dersom denne personen i eit tidsrom på minst eitt år ikkje lenger har vore pålagd noko viktig offentleg verv slik det er definert i nr. 1 i denne artikkelen.

Artikkel 3

Forenkla kundekontroll

  1. For føremåla med artikkel 11 nr. 2 i direktiv 2005/60/EF kan medlemsstatane i medhald av nr. 4 i denne artikkelen rekne kundar som er offentlege styresmakter eller offentlege organ og som stettar alle dei følgjande kriteria, som kundar som inneber låg risiko for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme:

    1. Kunden har vore pålagd offentlege verv i medhald av traktaten om Den europeiske unionen, traktatane om skipinga av fellesskapa eller det avleidde regelverket til Fellesskapet.

    2. Identiteten til kunden er offentleg tilgjengeleg, oversiktleg og sikker.

    3. Verksemda og rekneskapsmetodane til kunden er oversiktlege.

    4. Kunden er ansvarleg overfor eit fellesskapsorgan eller overfor styresmaktene i ein medlemsstat, eller det finst høvelege framgangsmåtar som gjer det mogleg å kontrollere verksemda til kunden.

  2. For føremåla med artikkel 11 nr. 2 i direktiv 2005/60/EF kan medlemsstatane i medhald av nr. 4 i denne artikkelen rekne kundar som er rettssubjekt utan status som offentlege styresmakter eller offentlege organ, men som stettar alle dei følgjande kriteria, som kundar som inneber låg risiko for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme:

    1. Kunden er ei eining som driv finansiell verksemd som fell utanfor verkeområdet til artikkel 2 i direktiv 2005/60/EF, men som gjennom nasjonal lovgjeving likevel er omfatta av pliktene i det nemnde direktivet i medhald av artikkel 4 i direktivet.

    2. Identiteten til kunden er offentleg tilgjengeleg, oversiktleg og sikker.

    3. Kunden i medhald av nasjonal lovgjeving er underlagd eit obligatorisk krav om løyve til å drive finansiell verksemd, og løyvet kan avvisast dersom dei rette styresmaktene ikkje er overtydde om at dei personane som i praksis leier eller skal leie drifta av ei slik eining, eller den reelle eigaren av eininga, er eigna til dette.

    4. Kunden er underlagd tilsyn slik det er definert i artikkel 37 nr. 3 i direktiv 2005/60/EF, frå dei rette styresmaktene med omsyn til å stette den nasjonale lovgjevinga som innarbeider det nemnde direktivet og eventuelt av tilleggsplikter i medhald av nasjonal lovgjeving.

    5. Manglande etterleving frå kunden si side av dei pliktene som er nemnde i bokstav a), medfører bruk av sanksjonar som skal vere verknadsfulle, svare til brotet og hindre nye brot, medrekna høve til bruk av føremålstenlege forvaltingsmessige tiltak eller pålegging av administrative sanksjonar.

    Eining, slik det er nemnt i nr. 1 bokstav a), skal omfatte dotterføretak berre i den grad pliktene i medhald av direktiv 2005/60/EF er vortne utvida til å omfatte slike.

    For føremåla med nr. 1 bokstav c) skal dei rette styresmaktene føre tilsyn med den verksemda som kunden driv. «Tilsyn» skal i denne samanhengen forståast som den forma for tilsynsverksemd som vert utført med dei høgaste tilsynsfullmakter, medrekna høve til å utføre inspeksjonar på staden. Slike inspeksjonar skal omfatte gransking av forretningspraksis, framgangsmåtar, bøker og register, og skal utvidast til å omfatte stikkprøvekontroll.

  3. For føremåla med artikkel 11 nr. 5 i direktiv 2005/60/EF kan medlemsstatane i medhald av nr. 4 i denne artikkelen tillate at institusjonar og personar som er omfatta av det nemnde direktivet, reknar produkt som stettar alle dei følgjande kriteria eller transaksjonar som er knytte til slike produkt, som produkt som inneber låg risiko for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme:

    1. Produktet byggjer på ein skriftleg kontrakt.

    2. Dei tiløyrande transaksjonane finn stad gjennom ein konto som kunden har hjå ein kredittinstitusjon som er omfatta av direktiv 2005/60/EF eller ein kredittinstitusjon som høyrer heime i ein tredjestat og er underlagd krav som svarar til dei krava som er fastsette i det nemnde direktivet,

    3. Produktet eller dei tilhøyrande transaksjonane er ikkje anonyme, og dei er av ei slik art det er tilstrekkeleg med tid til at artikkel 7 bokstav c) i direktiv 2005/60/EF kan nyttast.

    4. Det er fastsett ein høgste terskelverdi for produktet på førehand.

    5. Tredjemann kan ikkje dra føremoner ved realisasjon av produktet eller av tilhøyrande transaksjonar, bortsett frå i tilfelle av dødsfall, funksjonshemming, overleving inntil ei høg aldersgrense som er fastsett på førehand, eller liknande hendingar.

    6. Når det gjeld produkt eller tilhøyrande transaksjonar som gjer det mogleg å investere midlar i finansielle eigedelar eller fordringar, medrekna forsikring eller andre former for vilkårsbundne fordringar:

      1. skal føremonene som er knytte til produktet eller tilhøyrande transaksjonar, berre kunne realiserast på lang sikt,

      2. kan produktet eller tilhøyrande transaksjonar ikkje nyttast som trygd,

      3. kan det under kontraktstilhøvet ikkje utførast forskotsbetalingar, ikkje nyttast attkjøpsklausular og ikkje finne stad nokon førtidig oppseiing av kontraktstilhøvet.

    For føremåla med nr. 1 bokstav d) skal dei terskelverdiane som er fastsette i artikkel 11 nr. 5 bokstav a) i direktiv 2005/60/EF, nyttast på forsikringspolisar eller spareprodukt av liknande type. Utan at det rører ved nr. 3 skal den høgste terskelverdien i dei andre tilfella vere 15 000 euro. Medlemsstatane kan fråvike denne terskelverdien i samband med produkt som er knytte til finansiering av fysiske eigedelar, og der den juridiske og reelle eigedomsretten til eigedelane ikkje vert overført til kunden før kontraktstilhøvet er avslutta, på det vilkåret at den terskelverdien som medlemsstaten har fastsett for dei transaksjonane som er knytte til denne typen produkt, ikkje overstig 15 000 euro per år, anten transaksjonen vert utførd i éin operasjon eller i fleire operasjonar som ser ut til å hengje saman.

    Medlemsstatane kan fråvike dei kriteria som er fastsette i nr. 1 bokstav e) og f) når det gjeld produkt som har fått kjenneteikna sine definert av dei rette nasjonale styresmaktene ut ifrå allmenne omsyn, og som har fått tildelt visse føremoner frå staten i form av direkte tilskot eller skattelette, og der bruken er underlagd tilsyn frå dei same styresmaktene, på det vilkåret at føremonene frå produktet berre kan realiserast på lang sikt og at den terskelen som er fastsett for føremåla med nr. 1 bokstav d), er tilstrekkeleg låg. Denne terskelverdien kan eventuelt fastsetjast som ein årleg høgstesum.

  4. Når medlemsstatane skal vurdere om kundane eller dei produkta og transaksjonane som er nemnde i nr. 1, 2 og 3, inneber låg risiko for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme, skal dei leggje særleg vekt på all verksemd som desse kundane driv, eller på alle transaksjonar som er av ein slik type, at dei kan reknast for å vere særleg eigna til bruk eller misbruk for føremål som omfattar kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme.

    Medlemsstatane skal ikkje rekne dei kundane og transaksjonane som er nemnde i nr. 1, 2 og 3, for å innebere låg risiko for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme dersom det ligg føre opplysningar som kan tyde på at risikoen for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme ikkje er låg.

Artikkel 4

Finansiell verksemd som vert driven tilfeldig eller i svært avgrensa omfang

  1. For føremåla med artikkel 2 nr. 2 i direktiv 2005/60/EF kan medlemsstatane, utan at det rører ved nr. 2 i denne artikkelen, fastsetje at juridiske eller fysiske personar som driv ei finansiell verksemd som stettar alle dei følgjande kriteria, ikkje skal vere omfatta av verkeområdet til artikkel 3 nr. 1 eller nr. 2 i det nemnde direktivet:

    1. Den finansielle verksemda er avgrensa i omfang.

    2. Den finansielle verksemda er avgrensa når det gjeld talet på transaksjonar.

    3. Den finansielle verksemda er ikkje hovudverksemda.

    4. den finansielle verksemda er ei tilleggsverksemd som er direkte knytt til hovudverksemda,

    5. Bortsett frå den verksemda som er nemnd i artikkel 2 nr. 1 3) bokstav e) i direktiv 2005/60/EF, er hovudverksemda ikkje ei verksemd som er nemnd i artikkel 2 nr. 1 i det nemnde direktivet.

    6. Den finansielle verksemda vert driven berre for kundane til hovudverksemda og er vanlegvis ikkje tilgjengeleg for ålmenta.

    For føremåla med nr. 1 bokstav a) kan den samla omsetninga frå den finansielle verksemda ikkje overstige ein terskelverdi som må vere tilstrekkeleg låg. Denne terskelverdien skal fastsetjast på nasjonalt plan, alt etter kva type finansiell verksemd det dreier seg om.

    For føremåla med nr. 1 bokstav b) skal medlemsstatane nytte ein høgste terskelverdi per kunde og per transaksjon, utan omsyn til om transaksjonen vert utførd i éin operasjon eller i fleire operasjonar som ser ut til å hengje saman. Denne terskelverdien skal fastsetjast på nasjonalt plan, alt etter kva type finansiell verksemd det dreier seg om. Han skal vere tilstrekkeleg låg til å sikre at alle dei aktuelle typane transaksjonar utgjer ein upraktisk og ineffektiv metode for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme, og skal ikkje overstige 1 000 euro.

    For føremåla med nr. 1 bokstav c) skal medlemsstatane krevje at omsetninga frå den finansielle verksemda ikkje skal overstige 5 % av den samla omsetninga til den juridiske eller fysiske personen som det gjeld.

  2. Når medlemsstatane vurderer den risikoen som kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme utgjer for føremåla med artikkel 2 nr. 2 i direktiv 2005/60/EF, skal dei vere særleg merksame på all finansiell verksemd som er av ein slik type at ho kan reknast for å vere særleg eigna til bruk eller misbruk for føremål som omfattar kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme.

    Medlemsstatane skal ikkje rekne den finansielle verksemda som er nemnd i nr. 1, for å innebere låg risiko for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme dersom det ligg føre opplysningar som kan tyde på at risikoen for kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme ikkje er låg.

  3. Alle avgjerder som vert tekne i medhald av artikkel 2 nr. 2 i direktiv 2005/60/EF, skal grunngjevast. Medlemsstatane skal syte for at det vert høve til å kalle tilbake avgjerda dersom omstenda skulle endre seg.

  4. Medlemsstatane skal innføre tilsynsordningar på grunnlag av risiko eller gjere andre eigna tiltak for å sikre at det unntaket som vert gjeve ved avgjerder i medhald artikkel 2 nr. 2 i direktiv 2005/60/EF, ikkje vert misbrukt av personar som kan tenkjast å drive med kvitvasking av pengar eller finansiering av terrorisme.

Artikkel 5

Innarbeiding i nasjonal lovgjeving

  1. Medlemsstatane skal innan 15. desember 2007 setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet. Dei skal straks sende over til Kommisjonen teksta til desse føresegnene og ein jamføringstabell som viser samanhengen mellom desse føresegnene og føresegnene i dette direktivet.

    Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.

  2. Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei viktigaste internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.

Artikkel 6

Dette direktivet tek til å gjelde 20. dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 7

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 1. august 2006.

For Kommisjonen

Charlie McCREEVY

Medlem av Kommisjonen

Fotnotar

1.

TEU L 309 av 25.11.2005, s. 15.

2.

TEF L 344 av 28.12.2001, s. 70. Forordninga sist endra ved vedtak 2006/379/EF (TEU L 144 av 31.5.2006, s. 21).

3.

TEF L 139 av 29.5.2002, s. 9. Forordninga sist endra ved kommisjonsforordning (EF) nr. 2006/674/EF (TEU L 116 av 29.4.2006, s. 58).