St.prp. nr. 70 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 152/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennom­føringstiltak for direktiv 2005/60 EF – definisjon av «politisk utsett person» m.v.

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Reglar om tiltak mot kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme er gjevne i lov av 20. juni 2003 nr. 41 om tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar m.v. (kvitvaskingslova) og forskrift av 10. desember 2003 nr. 1487 om tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar m.v. (kvitvaskings­forskrifta), som tok til å gjelde 1. januar 2004. Lova og forskrifta gjennomfører det første og andre kvitvaskingsdirektivet til EU, og dessutan nokre av tilrådingane som er fastsette av den internasjonale organisasjonen Financial Action Task Force (FATF).

Det gjeldande regelverket inneheld ikkje føresegner som definerer «politisk utsett person». Det vil vere naudsynt å fastsetje eit særskilt lovgrunnlag for å gjennomføre kommisjonsdirektivets føresegner om dette.