St.prp. nr. 71 (2001-2002)

Om endringar i statsbudsjettet for 2002 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

2 Avtale om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar

I forhandlingsmøte 31. mai 2002 blei Den norske lægeforening, staten, Kommunenes Sentralforbund og NAVO/helseforetaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om basistilskot for fastlegar, driftstilskot for legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2002 - 30. juni 2003.

Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar blir auka med 6,4 prosent frå 1. juli 2002. I tillegg blir det gjeve ei ekstra avsetning til fonda med 25 mill. kroner som kompensasjon for meirutgiftene for legane i 2001 som følgje av momsreformen same året.

Partane vil snarast komme saman for å dele ramma på dei einskilde takstane og fonda.

Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 2002 er rekna til 190,0 mill. kroner, delt med 45,0 mill. kroner på kap 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 145,0 mill. kroner på kap 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.