St.prp. nr. 71 (2001-2002)

Om endringar i statsbudsjettet for 2002 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

4 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar

I forhandlingsmøte 3. juni 2002 blei Norsk Psykologforening, staten og NAVO/helseforetaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2002 - 30. juni 2003.

Avtalen føreset ei regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 5,5 prosent per 1. juli 2002. I tillegg blir det gjeve ei ekstra avsetning til fondet med 1 mill. kroner som kompensasjon for meirutgiftene i 2001 som følgje av momsreformen same året.

Departementet tilrår at kap 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 8,0 mill kroner.