St.prp. nr. 71 (2001-2002)

Om endringar i statsbudsjettet for 2002 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

3 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar

I forhandlingsmøte 3. juni 2002 blei Norsk Fysioterapeutforbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2002 - 30. juni 2003.

Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 6,2 prosent per 1. juli 2002. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst. av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning. I tillegg blir det gjeve ei ekstra avsetning til fondet med 3 mill. kroner som kompensasjon for meirutgiftene i 2001 som følgje av momsreformen same året.

Departementet tilrår at løyvinga for 2002 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 45,0 mill. kroner.

Fastlønstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 123 500 kroner i 2001. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet blir regulert til 131 000 kroner for 2002, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir auka med 7,0 mill. kroner. Det er teke omsyn til auken i eigendelane frå 1. juli 2002 ved reguleringa av fastlønstilskotet.