St.prp. nr. 72 (2001-2002)

Om trygdeoppgjeret 2002

Til innhaldsliste

4 Nærmare om utviklinga dei seinare åra

Frå 1996 til 2001 har auken i grunnbeløpet vore noko svakare enn lønsveksten for yrkesaktive (jf. tabell 4.1). Men minstepensjonen både for einslege og for ektepar har auka sterkare enn lønene. Utviklinga i minstepensjonane vert bestemt av utviklinga i grunnbeløpet og i satsane for særtillegg.

Tabell 4.1 Utvikling i grunnbeløp og inntekter for minstepensjonistar og lønstakarar og gjennomsnittleg alders- og uførepensjon 1996-2001. Prosentvis endring frå året før og årleg gjennomsnitt i perioden 1996-2001

199719981999200020011996-2001
Grunnbeløp3,95,84,54,24,64,6
Minstepensjon for einslege14,713,27,64,24,66,8
Minstepensjon for ektepar14,814,68,14,24,67,2
Arb. i LO/NHO-området4,36,24,94,54,95,0
Statstilsette4,36,44,74,54,24,8
Kommunetilsette3,95,95,04,03,54,5
Lønstakarar i alt4,36,24,94,54,84,9
Lønnstakere i alt eks lærere24,6
Alderspensjon i gj.snitt.5,59,36,25,05,56,3
Uførepensjon i gj.snitt5,18,64,74,04,35,3

1 Dei åra der endringa i minstepensjon avvik frå endringa i grunnbeløpet skuldast det auke i særtilleggssatsen.

2 Dei særskilde elementa i oppgjeret for skoleverket vert her halde utanom.

Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket og Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Grunnbeløpet i folketrygda auka med kr 2 140 frå 1. mai 2000 og med kr 2 270 frå 1. mai 2001. Den ordinære satsen for særtillegget i folketrygda auka frå 1. mai 1997 til 63,2 pst. av grunnbeløpet og frå 1. mai 1998 til 79,33 pst. Minstesatsen for særtillegget vart på same tid auka til 57,5 og 74 pst.

Frå 2000 til 2001 auka grunnbeløpet og tilleggspensjonane, og minstepensjonen for einslege og for ektepar med 4,6 pst. Med ei prisstigning på 3 pst. gav det ein realvekst i pensjonane.

I følgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 2000 til 2001 på om lag 4,8 pst. for alle grupper under eitt (jf. tilleggsrapport av 20. mars 2002). Lønsveksten for industriarbeidarar i NHO-bedrifter var 4,9 pst., for statstilsette 4,2 pst. og for kommunetilsette 3,5 pst.

I Revidert nasjonalbudsjett 2002 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2001 til 2002 på om lag 5 pst. for alle grupper under eitt når det særskilde oppgjeret for skoleverket vert halde utanom. Overslaget byggjer på at den kraftige styrkinga av krona sidan mai i 2000 bidreg til at dei lokale tillegga vert noko lågare enn i dei siste åra. Svekka inntening i industrien vil kunne dempe lønsveksten også for industrifunksjonærane. Avtalen med lærarane medverkar isolert sett til å auke årslønnsveksten for alle grupper under eitt med om lag 1/4 prosentpoeng fordelt på åra 2002 og 2003. Dei særskilde tillegga for skoleverket har sin motpost blant anna i at lærarane skal auke undervisningstida pr. veke.

For industriarbeidarar i LO/NHO-området vil lønsoverhenget inn i 2002 og dei sentrale tillegga gje eit bidrag til veksten i årsløna frå 2001 til 2002 på om lag 3 pst. I tillegg kjem bidrag frå gliding i lønene, som i dei to siste åra har vore 2,2 pst. i gjennomsnitt per år.

I staten og i kommunane bidreg overhenget til 2002 og tillegga i 2002 til veksten i årsløn frå 2001 til 2002 før glidning til knapt 5 pst. i staten og om lag 5 3/4 pst. i kommunane. Glidinga i offentleg sektor er klart lågare enn i privat sektor. Det er venta lågare bidrag frå lønsgliding i staten i år enn i tidlegare år. I kommunane er det venta at bidraget frå lønsgliding vert om lag 1/4 pst. i år.

Årsgjennomsnittet for grunnbeløpet og tilleggspensjonane i folketrygda vil som følgje av reguleringane i fjor og i år auke med 5,2 pst. frå 2001 til 2002. Minstepensjonen vil auke med kr 5 040 til kr 97 140 for einslege og med kr 8 688 til kr 167 208 for ektepar per 1. mai 2002, jf. tabell 3.1.

I Revidert nasjonalbudsjett 2002 er det lagt til grunn ein prisvekst frå 2001 til 2002 på om lag 1,4 pst. Ei slik utvikling vil gi ein klar realvekst i pensjonane i år òg.

Tabell 4.2. viser pensjonen etter skatt i prosent av disponibel inntekt som yrkesaktiv (nettopensjonsdekningsprosent). Gruppene med låg inntekt får høgare disponibel pensjon som del av tidlegare yrkesinntekt enn høginntektsgruppene.

Tabell 4.2 Nettopensjondekningsprosent i 2001 for pensjonistar som vart alderspensjonistar i 2001 og ved fullt opptent pensjon. Pensjonsalder 67 år.

Brutto lønsinntekt. Kroner
151 809202 412253 015354 221
Sluttpoengtall
2,003,004,005,33/6,0
Br.pensj. for einslege, 1934-kullet. Kr91 716112 272132 828170 856
Br.pensj. for einslege, 1940-kullet. Kr95 004117 216139 416183 816
Br.pensj. for einslege, 1975-kullet. Kr93 108114 360135 612163 884
Netto pensjonsdekningsprosent
Einslege
1934-kullet80716559
1940-kullet83736764
1975-kullet81726657
Pensjonistektepar (ein minstepensjonist)
1934-kullet1271079580
1940-kullet1281099783
1975-kullet1271089678
Pensjonistar som forsørgjer ektefelle (yngre enn 60 år)
1934-kullet95878371
1940-kullet98918672
1975-kullet96898570

Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket

I vedlegg til proposisjonen framgår den historiske utviklinga av pensjonane m.v. Tabellane i vedlegget viser m.a. utviklinga i minstepensjon frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det framgår at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst som må sjåast i samanheng med opptrapping av særtilleggssatsane.