St.prp. nr. 72 (2001-2002)

Om trygdeoppgjeret 2002

Til innhaldsliste

5 Skattereglane for pensjonistar i 2002

Dei særlege skattereglane for pensjonistar i 2002 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Alderspensjonistar

Frå og med den månaden skattytaren fyller 70 år, får han kvar månad eit særfrådrag i inntekta på 1 530 kroner. I 2002 utgjer fullt særfrådrag for heile året 1 530 kroner x 12 = 18 360 kroner. Har skattytaren etter fylte 67 år teke ut alderspensjon etter § 19-4 i folketrygdlova, har han òg rett til slikt særfrådrag (eventuelt avkorta om vedkomande ikkje har teke ut full alderspensjon). Særfrådraget vert gjeve i allmenn inntekt, dvs. inntekta som ligg til grunn for utrekning av felles-, kommune- og fylkesskatt.

Pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til særfrådrag.

Uførepensjonistar

Skattytarar som får førebels uførestønad eller pensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, skal i 2002 ha eit særfrådrag i inntekta på 1 530 kroner pr månad, tilsvarande 18 360 kroner for heile året. Viss arbeidsevna er nedsett med mellom halvdelen og to tredelar, skal vedkomande ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget vert gjeve i allmenn inntekt.

Særskild skatteavgrensingsregel

For skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter dei reglane som er nemnde ovanfor, skal det ikkje reknast ut skatt når den allmenne inntekta til skattytaren før særfrådrag er under 81 100 kroner for einslege og 131 700 kroner for ektepar. Ved utrekning av inntekta skal ein leggja til 2 pst. av den skattepliktige formuen over 200 000 kroner.

Viss inntekta ligg over dei fastsette skattefrie grensene, skal ein i utgangspunktet rekna skatt av heile inntekta etter dei ordinære reglane for pensjonistar. Skatten skal likevel ikkje overstiga 55 pst. av den allmenne inntekta (før særfrådrag) over den skattefrie beløpsgrensa. Skatten vert på denne måten avgrensa til maksimalt 55 pst. av den allmenne inntekta som ligg høgare enn beløpsgrensene.

Denne regelen gjeld òg for skattytarar som tek i mot overgangsstønad, etterlatnepensjon eller avtalefesta pensjon (AFP). Den særskilde skatteavgrensingsregelen vert brukt ved utrekning av trygdeavgift, felles-, kommune- og fylkesskatt. Regelen vert ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt mv. i 2002 er 3 pst.