St.prp. nr. 72 (2001-2002)

Om trygdeoppgjeret 2002

Til innhaldsliste

6 Krigspensjonering

Utgiftene til krigspensjon etter lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar (§ 19) og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar (§ 25), vert dekka av staten.

Under Kap 660, post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2002 løyvd respektive 279 mill. kroner og 683 mill. kroner.

Pensjonane skal etter tilleggslova av 29. juni 1951 nr. 34, regulerast som for statspensjonane, dvs i takt med grunnbeløpet i folketrygda. For 2002 vert det rekna med meirutgifter på 10 mill. kroner for krigspensjoneringen for militærpersonar og på 25 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Krigspensjon vert samordna med pensjonar frå folketrygda. Det vert gjort framlegg om at løyvinga under Kap 660 Krigspensjonering aukar med 35 mill. kroner.