St.prp. nr. 72 (2004-2005)

Om trygdeoppgjeret 2005

Til innhaldsliste

4 Nærare om utviklinga i grunnbeløp og løner dei seinare åra

Tabell 4.1 viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene for minstepensjonistar og lønstakarar i perioden 1998 - 2004. Berekningane gjeld pensjonsytingar frå folketrygda. Dei fleste pensjonistane har inntekter i tillegg til pensjonsinntekta. Utviklinga i desse inntektene er ikkje med her.

For pensjonistar med tilleggspensjon utover særtillegget tilsvarer auken i pensjonen veksten i grunnbeløpet. Det same vil til vanleg gjelde minstepensjonistane så lenge satsane for særtillegget ikkje blir endra.

Minstepensjonane har auka sterkare enn grunnbeløpet i perioden 1998 - 2004 under eitt. Årsaka er at særtillegget blei trappa opp både i 1997 og 1998. I 1998 auka minstepensjonane med om lag 12 000 kroner pr. 1. mai. I tillegg har grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005.

Grunnbeløpet og pensjonen for einslege minstepensjonistar auka med 5,13 prosent frå 2002 til 2003 og med 3,89 prosent frå 2003 til 2004. For ektepar og sambuande pensjonistar med minstepensjon blir veksten sterkare på grunn av auken i grunnpensjonen frå 1. mai 2003 og 1. mai 2004. For desse pensjonistane var auken i pensjonen 7,5 prosent frå 2002 til 2003 og 6,1 prosent frå 2003 til 2004. Lønsveksten for lønstakarar i alt var 4,5 prosent frå 2002 til 2003 og 3,6 prosent frå 2003 til 2004.

Tabell 4.1 Utvikling av grunnbeløpet, inntektene for minstepensjonistane og lønstakarane og gjennomsnittleg alders- og uførepensjon 1998 – 2004. Prosentvis endring frå året før og gjennomsnittleg endring pr. år 2001-2004.

19981999200020012002200320042001-2004
Grunnbeløp5,84,54,24,65,25,133,894,7
Minstepensjon for einslege13,27,64,24,65,25,133,894,7
Minstepensjon for ektepar14,68,14,24,65,27,56,056,2
Lønstakarar i alt eks. lærarar24,65,54,4
Lønnstakarar i alt6,25,14,44,85,74,53,64,6
Industriarbeidarar i NHO- området5,64,74,54,95,03,53,64,0
Statstilsette6,44,74,64,25,94,33,74,6
Kommunetilsette5,95,04,03,56,04,43,84,7
Alderspensjon i gjennomsnitt39,36,25,05,56,26,85,46,1
Uførepensjon i gjennomsnitt8,64,74,04,36,25,5- 1,243,5
Konsumprisindeksen2,33,13,01,32,50,41,4

1 Berekna lønsvekst jf. rapport frå Det tekniske berekningsutvalet, NOU 2005: 7, tabell 3.1.

2 Dei særskilte elementa i oppgjeret for skuleverket desse åra er her haldne utanom.

3 Gjennomsnittlig alderspensjon har auka meir enn både grunnbeløpet og gjennomsnittsløna for samanlikningsgruppene i perioden 1998-2004. Dette kjem av at folketrygda framleis er under oppbygging, og at alderspensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon.

4 Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapet. Grunnen til nedgangen er at det ikkje lenger er noko særleg med etterbetalingar (for tidsrom før første utbetaling).

Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2005: 7 og Rikstrygdeverket.

Tabell 4.2 Netto pensjonsdekningsprosent i 2004 for pensjonistar som har tent opp poeng i alle åra frå 1967, og som blei alderspensjonistar i 2004 og ved fullt opptent pensjon. Pensjonsalder 67 år.

Brutto lønsinntekt. Kroner
174 417232 556290 695406 973
Sluttpoengtal
2,003,004,005,33/6,00
Br.pensj. for einslege, 1936-kullet. Kr105 496129 175152 854200 211
Br.pensj. for einslege, 1940-kullet. Kr109 162134 673160 185211 207
Br.pensj. for einslege, 1975-kullet. Kr106 976131 394155 813188 289
Netto pensjonsdekningsprosent
Einslege
1936-kullet79726660
1940-kullet82746861
1975-kullet80736757
Pensjonistektepar (ein minstepensjonist)1,2
1936-kullet1331129985
1940-kullet13411410187
1975-kullet13311310083
Pensjonistar som forsørgjer ektefelle (yngre enn 60 år)
1936-kullet95878374
1940-kullet97908775
1975-kullet96898573

1 Minstepensjonist utan tidligare arbeidsinntekt og utan pensjonspoeng i folketrygda

2 Grunnpensjonen for kvar ektefelle blei heva frå 0,75G til 0,8G frå 1. mai 2003, til 0,825G frå 1. mai 2004 og til 0,85G frå 1. mai 2005.

Kjelde: Rikstrygdeverket

I vedlegget til proposisjonen går den historiske utviklinga av pensjonane m.v. fram. Tabellane i vedlegget syner m.a. utviklinga av minstepensjon frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst som heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp.

Tabell 4.2 viser pensjonen etter skatt i prosent av disponibel inntekt som yrkesaktiv (nettopensjonsdekningsprosent). Dei som har hatt låg yrkesinntekt får høgare disponibel pensjon som del av tidlegare yrkesinntekt enn dei som har hatt høg yrkesinntekt.