St.prp. nr. 72 (2004-2005)

Om trygdeoppgjeret 2005

Til innhaldsliste

5 Skattereglane for pensjonistar i 2005

Dei særlege skattereglane for pensjonistar i 2005 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Alderspensjonistar

Frå og med den månaden skattytaren fyller 70 år, får han eit særfrådrag i inntekta. I 2005 utgjer fullt særfrådrag 1 530 kroner pr. månad, dvs. 18 360 kroner for heile året. Har skattytaren etter fylte 67 år teke ut alderspensjon etter § 19-4 i folketrygdlova, har han òg rett til slikt særfrådrag. Skattytarar mellom 67 og 70 år som ikkje har teke ut full alderspensjon, får særfrådraget avkorta. Særfrådraget blir gitt i allmenn inntekt, dvs. inntekta som ligg til grunn for utrekninga av felles-, kommune- og fylkesskatt.

Pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til særfrådrag.

Uførepensjonistar

Skattytarar som får førebels uførepensjon etter folketrygdlova § 12-16, tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, skal i 2005 ha eit særfrådrag i inntekta på 1 530 kroner pr. månad, tilsvarande 18 360 kroner for heile året. Viss arbeidsevna er nedsett med mellom halvdelen og to tredelar, skal vedkomande ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget blir gitt i allmenn inntekt.

Særskild skatteavgrensingsregel

For skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter dei reglane som er nemnde ovanfor, og som ikkje mottek tidsavgrensa uførestønad, skal ein ikkje rekna ut skatt når den allmenne inntekta før særfrådrag er under 92 100 kroner for einslege og 151 000 kroner for ektepar. Ved utrekning av inntekta skal ein leggja til 2 pst. av skattepliktig formue utover 200 000 kroner.

Viss inntekta ligg over dei fastsette skattefrie grensene, skal ein i utgangspunktet rekna skatt av heile inntekta etter dei ordinære skattereglane for pensjonistar. Skatten skal likevel ikkje overstiga 55 pst. av den allmenne inntekta (før særfrådrag) over den skattefrie beløpsgrensa. Skatten blir på denne måten avgrensa til maksimalt 55 pst. av den allmenne inntekta som ligg høgare enn beløpsgrensene.

Denne regelen gjeld òg for skattytarar som tek i mot overgangsstønad, etterlatnepensjon eller avtalefesta pensjon (AFP). Den særskilde skatteavgrensingsregelen blir brukt ved utrekning av trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt. Regelen blir ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.

Minstefrådraget for pensjonsinntekter

Når skatten skal reknast ut, blir lønsinntekter og pensjonsinntekter redusert med eit minstefrådrag.

I 2005 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 24 prosent, likevel avgrensa til kr 49 400.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt mv. i 2005 er 3 pst.