St.prp. nr. 72 (2004-2005)

Om trygdeoppgjeret 2005

Til innhaldsliste

6 Krigspensjonering

Staten dekker utgiftene til krigspensjon etter lov av 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar (§ 19) og lov av 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar (§ 25).

Under kap. 660, post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2005 løyvd respektive 255 mill. kroner og 615 mill. kroner.

Etter tilleggslova av 29. juni 1951 nr. 34 skal pensjonane regulerast like mykje som statspensjonane, dvs. i takt med grunnbeløpet i folketrygda. For 2005 blir det rekna med meirutgifter på 6 mill. kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 13 mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 19 mill. kroner for 2005.