St.prp. nr. 72 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland

Til innhaldsliste

5 Trafikkgrunnlag

Når Jondalstunnelen står ferdig, vil det vere fire alternative ruter frå Odda til området vest/nord for Hardangerfjorden:

  1. Via ferjesambandet Utne – Kvanndal

  2. Via Hardangerbrua (ferjesambandet Brimnes – Bruravik fram til opninga av brua)

  3. Via ferjesambandet Løfallstrand – Gjermundshamn

  4. Via Jondalstunnelen og ferjesambandet Jondal – Tørvikbygd.

At trafikantane har fleire alternativ fører til at det er komplisert å rekne ut fordelinga på dei ulike rutene og dermed trafikkgrunnlaget for Jondalstunnelen.

Statens vegvesen sin transportmodell for Hordaland er nytta som grunnlag for å rekne ut trafikkgrunnlaget for Jondalstunnelen. Fleire konsulentar har vore engasjerte for å kvalitetssikre trafikkgrunnlaget. Som ledd i kvalitetssikringa blei det gjort intervju på fjellovergangane aust – vest sommaren og hausten 2004. I sluttfasen av arbeidet engasjerte Statens vegvesen Norconsult AS til å oppdatere transportmodellen som blei nytta i samband med tidlegare vurderingar av trafikkgrunnlaget for Hardangerbrua. Norconsult sin modell er ein enklare modell basert på trafikkteljingar. Utrekningar av det totale trafikknivået for Jondalstunnelen blir svært ulike i dei to modellane der Statens vegvesen sine tal er dei høgaste.

Norconsult sin modell er basert på trafikkteljingar. Matrisa er statisk og ivaretar ikkje endringar i tilbod og etterspørsel. Statens vegvesen sin modell er bygd opp med basis i ein fire-trinnsmetodikk og ivaretar endringar i transportetterspørsel og endringar i transporttilbodet. Modellsystemet har separate modellar for korte reiser (reiser kortare enn 100 km) og lange reiser (reiser lengre enn 100 km). Statens vegvesen sin modell ivaretar i vesentleg større grad omkringliggjande faktorar som har innverknad på turproduksjon, destinasjonsval, transportmiddelval og ruteval.

Det er gjennomført utrekningar for Jondalstunnelen med og utan bompengar og av effektane av Hardangerbrua. Det er også rekna på korleis opphevinga av bompengeinnkrevjinga på Folgefonntunnelen vil innverke på trafikken i Jondalstunnelen. Det er lagt til grunn at prosjekta i Statens vegvesen sitt handlingsprogram/planleggings­pro­gram for perioden 2006 – 2015 blir gjennomførte.

Med ei redusert utbygging etter kombinasjonen S1 + S9 + N2 vil om lag 10 km få vegnormalstandard medan vel 8 km vil bli ein delvis opprusta veg med relativt låg standard. Dette vil gi om lag 6 minutt lengre reisetid enn ved full utbygging. Strekninga med redusert utbygging vil bli den same ved utbygging etter kombinasjonen S1 + S6 + N2. Utrekningar viser at trafikken er tilnærma lik ved dei to kombinasjonane.

Statens vegvesen har tilrådd at det blir lagt til grunn eit trafikkgrunnlag på 340 kjøretøy (ÅDT) for Jondalstunnelen i opningsåret som her er rekna til 2010. Det er føresett at den årlege trafikkveksten er i samsvar med dei prognosane for Hordaland som blei utarbeidde til arbeidet med Nasjonal transportplan 2006 – 2015. Det er lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga for Folgefonntunnelen blir oppheva i 2016 og at trafikken i Jondalstunnelen etter dette blir redusert med om lag 50 kjøretøy (ÅDT). Konsulenten ved den eksterne kvalitetssikringa meiner at trafikkgrunnlaget i hovudsak er basert på nøkterne og realistiske vurderingar. Konsulenten sitt syn er at det ikkje er spesielt sannsynleg at kvaliteten på konklusjonane kan hevast vesentleg, sjølv om ytterlegare ressursar blir sette inn for å raffinere modellutforminga, modellparametrane eller datagrunnlaget. Konsulenten har lagt til grunn at sannsynleg nivå på trafikkgrunnlaget i 2010 er 400 kjøretøy (ÅDT), med 270 kjøretøy som «lågt nivå» og 550 kjøretøy som «høgt nivå». Konsulenten har ikkje merknader til prognosane for årleg vekst eller reduksjonen med 50 kjøretøy (ÅDT) når bompengeinnkrevjinga for Folgefonntunnelen blir oppheva.