St.prp. nr. 72 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland

Til innhaldsliste

8 Andre føresetnader for finansieringsplanen

I finansieringsanalysar for bompengeprosjekt har det vore vanleg å legge til grunn ei lånerente på 8 pst. Føresett lånerente skal avspegle uvissa i heile nedbetalingsperioden. For fleire av bompengeprosjekta som er vedtatt dei siste åra er det akseptert å legge til grunn ei lånerente på 6,5 pst. i finansieringsplanen, under føresetnad av at dokumentasjon for eit så lågt rentenivå ligg føre før anleggsstart. I saker der bompengeselskapet har inngått forpliktande avtale med ein bank om lågare rente enn dette før Stortinget si behandling av saka, er det avtalte rentenivået lagt til grunn i finansieringsplanen.

Ved behandlinga av finansieringsopplegget for Jondalstunnelen la fylkestinget til grunn ei lånerente på 4,5 pst. Etter Statens vegvesen Vegdirektoratet sitt syn bør det som hovudregel ikkje leggjast til grunn lågare lånerente enn 6,5 pst. i finansieringsplanen så lenge det ikkje ligg føre bindande avtale om eit lågare rentenivå. Rentenivået i marknaden er dessutan høgare enn da fylkeskommunen vurderte spørsmålet. I denne proposisjonen er det lagt til grunn 6,5 pst. lånerente. Det er føresett at det før anleggsstart ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innanfor denne renta i ein periode på 10 – 15 år.

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Årleg prisstigning på 4,1 pst. frå 2007 til 2009, deretter 2,5 pst.

  • Gjennomsnittleg bompengetakst ved forskotsinnkrevjinga: 23 kr (2008-kr)

  • Gjennomsnittleg bompengetakst ved etterskotsinnkrevjinga: 86,50 kr pr. kjøretøy (2008-prisnivå).

  • Årlege innkrevjingskostnader på 4,6 mill. kr fram til 2016 (manuell bomstasjon) og 2,3 mill. kr etter dette tidspunktet (automatisk bomstasjon).

  • Investeringskostnader på 5,7 mill. kr ved overgang til automatisk bomstasjon i 2016.

  • Start på bompengeinnkrevjinga ved opninga av prosjektet i 2012.

  • Eit trafikkgrunnlag på 350 kjøretøy (ÅDT) i opningsåret 2012 (omrekna frå 2010-nivå)

  • Tilbakeføring av tapte bompengeinntekter for Folgefonntunnelen som følgje av føresett timesregel som omtalt i kapittel 6.

I finansieringsplanen som er lagt til grunn, er delen som skal finansierast med bompengar vel 10 pst. Eventuelle endringar i føresetnadene for utrekning av bompengeinntektene vil derfor vere mindre viktige for økonomien i dette prosjektet enn ved prosjekt som i større grad er basert på bompengar.

Det er også rekna på eit alternativ med svikt i trafikken på 15 pst. ved opninga. Dersom bompengeperioden blir utvida med 5 år til 20 år, er det rekna med at netto bompengeinntekter frå etterskotsinnkrevjinga blir uendra, dvs. 74 mill. kr.

Fylkeskommunal garanti for bompengelånet

Hordaland fylkeskommune behandla garantispørsmålet i møte i fylkestinget 15. desember 2004, jf. kapittel 3. Den fylkeskommunale garantien på 125 mill. 2004-kr er godkjent av Kommunal- og regionaldepartementet.