St.prp. nr. 72 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland

Til innhaldsliste

9 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at fylkeskommunen gjennom vedtak i fylkestinget 4. mai 2005 har streka under at Jondalstunnelen er eit fylkesvegprosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for. Fylkeskommunen har tatt på seg å dekke eventuell kostnadsauke. Samferdselsdepartementet presiserer at staten sitt økonomiske ansvar for prosjektet er avgrensa til tilskotet på 52 mill. 2008-kr.

Konsekvensane av eventuell redusert inntening er ikkje eksplisitt nemnt i dei fylkeskommunale vedtaka. Statens vegvesen Vegdirektoratet har likevel tilrådd at det i tråd med vanleg praksis for bompengeprosjekt blir gitt høve til at bompengeselskapet etter avtale med Statens vegvesen Vegdirektoratet kan auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og forlenge bompengeperioden med inntil 5 år. Samferdselsdepartementet støttar denne vurderinga.

I St.meld. nr. 12 (2006 – 2007) Regionale fortrinn – regional framtid har Regjeringa foreslått at det framtidige offentlege vegnettet vil bestå av stamvegar, regionale vegar (øvrige riksvegar og fylkesvegar) og kommunale vegar. I dette opplegget vil den nye regionen bli vegstyresmakt for Jondalstunnelen. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det nye regionen blir ansvarleg for fullfinansiering av Jondalstunnelen etter 2010.