St.prp. nr. 73 (2003-2004)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

3 Bakgrunn

Gjennom ei rekke år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med Forsvarskomiteens syn, lagt til grunn den regulering som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Det tilrådde lønsoppgjeret for statstilsette i lønsramme 1, alternativ 1 gav som resultat eit kronetillegg på 6 500 på A-tabellen med virkning frå 1. mai 2004. Vidare blei det gitt opprykk på fire lønstrinn i lågaste begynnarløn til kr 196 300 per år i lønstrinn 13 med virkning fra 1. juni 2004. Dette utgjør til saman ei regulering på 8,9%.

I 2003 gav lønsoppgjeret i staten ikkje lønsauke. Tenestetillegget til dei vernepliktige mannskapa vart likevel auka med 2.9% i 2003 på grunnlag av auken i konsumprisindeksen, jf. St. prp. nr. 76 (2002 - 2003) og Innst. S. nr. 291 (2002 - 2003), som eit bidrag i arbeidet med å heve statusen til utskrivne vernepliktige mannskap. For 2004 ønskjer Forsvarsdepartementet å føre vidare prinsippet om regulering basert på lønsoppgjeret for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten.