St.prp. nr. 73 (2003-2004)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

4 Vurderingar

Dei økonomiske ytingane det dreier seg om, har som eit viktig mål å sikre den vernepliktige og familien hans/hennes ein rimeleg god levestandard. Dei årlege reguleringane med basis i lønsoppgjeret ivaretek dette. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det i år blir gitt regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering av primærgodtgjerslene med 8,9% med verknad frå 1. juli 2004.