St.prp. nr. 76 (2002-2003)

Om endring i tenestetillegget til utskrivne vernepliktige mannskap

Til innhaldsliste

2 Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering vil få verknad frå 1. juli 2003 og vert fastsett på grunnlag av auken i konsumprisindeksen frå april 2002 til april 2003 avrunda til næraste heile krone og ikkje som i andre høve, der ein har nytta lønsoppgjeret i staten som grunnlag for endringane. Til dømes vart det også gjeve tillegg ut over det lønsoppgjeret gav grunnlag for i 2000.

Tenestetillegget til dei vernepliktige mannskapa vert med grunnlag i dette tilrådd auka med om lag 2,9 % frå 1. juli 2003. Meirutgiftene for 2003 er utrekna til 8,693 millionar kroner. Forslag til endeleg inndekning vil bli fremja i samband med omgrupperingsproposisjonen i haust.

Til forsida