St.prp. nr. 76 (2002-2003)

Om endring i tenestetillegget til utskrivne vernepliktige mannskap

Til innhaldsliste

4 Vurderingar

Dei økonomiske ytingane det dreier seg om har som eit viktig mål å sikre den vernepliktige og familien hans ein rimeleg god levestandard. Det bør takast omsyn til at kjøpekraftutviklinga for lønstakarar og vernepliktige ikkje direkte kan samanliknast, då vernepliktige har relativt små tillegg og behovsprøvde ytingar. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering av tenestetillegget med om lag 2,9 %, medan andre tillegg vert uendra. Auken i tenestetillegget er eit viktig bidrag i arbeidet med å heve statusen til dei utskrivne vernepliktige mannskapa. Av praktiske omsyn lyt reguleringa skje frå 1. juli 2003.

Til forsida