St.prp. nr. 78 (2006-2007)

Om investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

2 Nye prosjekt for godkjenning (kapittel 1710 og kapittel 1760)

2.1 Setermoen – fleirbrukshall fase 3 (kapittel 1710)

Hærens lokalisering i framtida, i samsvar med Stortinget sitt vedtak og føringar i Innst. S. nr. 234 (2003 – 2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003 – 2004), vil vere sentrert rundt Indre Troms i nord og i Østerdalen i sør. Setermoen leir er difor eit av Forsvaret sine kjerneområde i Troms. Leiren er sentral både for oppbygging og utvikling av Hæren, som skjer med tyngde i nord. Når eigedom, bygg og anlegg er modernisert, vil leiren bli ein effektiv og kompakt base for Forsvaret. Fleirbrukshallane på Setermoen skal dekkje behovet for garasjering, vedlikehald, undervisning, lagring av troppsmateriell og personlig utstyr, samt troppskontor.

I dag skjer mykje av verksemda utandørs. Ved å flytte verksemda inn i fleirbrukshallar, kan kvaliteten på utdanninga betrast samstundes som materiellet vert meir tilgjengeleg og styrkeproduksjonen meir effektiv. Garasjar og undervisningslokale i same bygg vil òg vere praktisk for å leggje til rette for undervisninga.

Stortinget vedtok i 2004 å starte opp eit prosjekt for ein fleirbrukshall på Setermoen ved Stortingets handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 7 (2004 – 2005), jf. St.prp. nr. 1 (2004 – 2005). Kostnadsramma var på 139 mill. kroner og denne hallen er no ferdigstilt. Det vart definert eit behov for enda ein hall på Setermoen, og fleirbrukshall fase 2 vart godkjend av Forsvarsdepartementet i 2006. Denne hallen er no under oppføring og har ei kostnadsramme på 84 mill. kroner. Konseptet med oppdeling i fasar sikrar at behovet vert godt vurdert før neste fase vert sett i gang.

Prosjektet for ytterlegare ein fleirbrukshall på Setermoen (fase 3), er føreslått gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 243 mill. kroner, med planlagd ferdigstilling i 2009. Denne hallen er vesentleg større enn dei som allereie er bygd/er under bygging, og gjev blant anna plass for stridsvogner av type Leopard 2.

2.2 Rena leir – forlegningar for befal og verva mannskap – fase 2 (kapittel 1710)

Østerdalen garnison vert bygd ut i samsvar med Stortinget sitt vedtak og føringar i Innst. S. nr. 234 (2003 – 2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003 – 2004). Hæren sin opptrappingsplan tilseier ei auke i talet på yrkesbefal, avdelingsbefal og verva mannskap, innan utgangen av 2008. Denne opptrappinga, som også Østerdalen garnison er ein del av, medfører eit behov for ei trinnvis utviding av forlegningskapasiteten på Rena.

I 2006 vart det sett i verk eit prosjekt med 108 forlegningsplassar for å dekkje eit snarleg behov. Dette prosjektet vert ferdigstilt i år. Oppbygginga av Hæren fører til at det er behov for ekstra forlegningskapasitet, og i fase 2 er det planlagd etablert 96 forlegningsplassar i Rena leir, fordelt på hyblar, leilegheiter og kollektivleilegheiter. Prosjektet er føreslått gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 118 mill. kroner, med planlagd ferdigstilling i 2008.

2.3 Nyskaffing av sjømålsmissil (kapittel 1760)

2.3.1 Innleiing

Nye sjømålsmissil (NSM) er utvikla av Kongsberg Defence & Aerospace (Kongsberg). NSM vil vere Forsvaret sitt hovudvåpen for overflatekrigføring på Fridtjof Nansen-klasse fregattar og Skjold-klasse missiltorpedobåtar.

Seint på 80-talet var Penguin-missilet i ferd med å nå sin operative levealder. På denne bakgrunn vart idéen lansert om utvikling av eit nytt sjømålsmissil, basert på eit større nasjonalt utviklingsarbeid.

Utviklingsprosjektet Nye sjømålsmissil vart godkjend ved Stortingets handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 7 (1994 – 1995), jf. St.prp. nr. 1 (1994 – 1995). Prosjektet gjeld utvikling av eit missilsystem for strid mot sjømål, og blir samordna med nyskaffinga av Fridtjof Nansen-klasse fregattar og nye missiltorpedobåtar av Skjold-klassen.

Prosjektet for utvikling av missilet er no inne i siste delen, der missilsystemet sine ytingar og funksjonar vert verifisert mot Forsvaret sine krav. Dei to siste prøveskytingane av missilet vart gjennomført i USA i januar i år, med vellukka resultat. Dette var høgst krevjande utprøvingar, over både land og sjø. Det står att ei prøveskyting med armert stridshovud, som etter planen vil bli gjennomførd til hausten.

Stortinget vart i St.prp. nr. 1 (2005 – 2006) informert om at Forsvarsdepartementet planlegg å etablere eit prosjekt for nyskaffing av sjømålsmissil. I St.prp. nr. 57 (2005 – 2006) vart det informert om at drøftingar med leverandøren om kontrakt om serieleveranse ville verte sett i gang parallelt med avslutninga av utviklingsfasen. På denne måten kunne ein ha eit bindande tilbod frå leverandøren før Stortinget gav sin eventuelle tilslutning.

Stortinget vart i St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) informert om at Forsvarsdepartementet hadde som mål å fremje prosjektet for nyskaffing av sjømålsmissil for Stortinget i år på grunnlag av resultata frå utviklingsprosjektet.

Det vart i 2004 inngått kontrakt med leverandøren om ein overgangsfase for missilsystemet, for å sikre at Forsvaret kunne fylle sitt ansvar i fregattprosjektet, jf. Innst. S. nr. 220 (2003 – 2004), jf. St.prp. nr. 54 (2003 – 2004). Utgiftene til overgangsfasen er lagt inn som ein del av kostnadene for nyskaffinga.

2.3.2 Formål med prosjektet

Formålet med det nye prosjektet er å skaffe til vege eit einskapeleg missilsystem som skal vere Forsvarets hovudvåpen for overflatekrigføring på ulike plattformer. NSM er ikkje eit fartøyspesifikt missil, og kan nyttast av både Fridtjof Nansen-klasse og Skjold-klasse fartøy. NSM vil gje Forsvaret eit truverdig og effektivt våpensystem som vil verke til at Sjøforsvaret kan handtere sine maritime oppgåver i fred, krise og krig i nasjonal og internasjonal samanheng. Nyskaffinga vil gje Forsvaret eit missilsystem som rekk langt, og som er utvikla for å fungere i både opne farvatn og i kystnære område. Prosjektet tilfører Fridtjof Nansen-klassen og Skjold-klassen den anti-overflatekapasiteten som desse fartøya er meint å ha. NSM vil òg sikre norske arbeidsplassar og det kan vonleg verte eit høgteknologisk eksportprodukt.

2.3.3 Omfang

Prosjektet omfattar altså nyskaffing av sjølve sjømålsmissilet samt anna naudsynt utstyr. Leveranse av missila er planlagd å ta plass frå 2010 og fram til 2014.

Prosjektet vil utgjere viktig materiell i Sjøforsvaret sin operative beredskap.

2.3.4 Norsk industri

Kongsberg har sidan 1996 hatt ein fastpriskontrakt for å utvikle NSM. Dette har vore eit av dei største satsingsområda til Kongsberg, og industrien har sjølv investert store summar i utviklinga. Nasjonal nyskaffing av forsvarsprodukt er som regel ein føresetnad for eventuell eksport. NSM vil føre vidare den nasjonale industrisatsinga, og sikre at kompetanse innan styrte våpensystem blir halde ved lag i Noreg.

Dette høgteknologiske feltet har dei siste 40 åra ført til fleire industrielle ringverknader innan elektrooptikk, materialteknologi, rakettmotorar og system for styring og kontroll. Utviklinga av NSM har òg skaffa Forsvaret god innsikt i missilsystemet og betre militærfagleg kompetanse til å kunne evaluere andre missilsystem.

2.3.5 Tilrådd kostnadsramme

Prosjektet si tilrådde kostnadsramme for materiellinvesteringa er 3 360 mill. kroner. Av desse kostnadene er 200 mill. kroner allereie nytta til overgangsfasen, jf. Innst. S. nr. 220 (2003 – 2004), jf. St.prp. nr. 54 (2003 – 2004). I tillegg kjem Forsvaret sine kostnader for gjennomføring på 30 mill. kroner og kostnader til eigedom, bygg og anlegg (EBA) på 4 mill. kroner.

2.3.6 Ekstern kvalitetssikring

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Denne kvalitetssikringa omfattar ein etterkontroll av grunnlaget for prosjektet, ein analyse av kor trygge kostnadsutrekningane er, og ei vurdering av utfordringane i prosjektet, under dette vilkår for kontrakt. På grunnlag av tilrådinga frå ekstern kvalitetssikrar, er det utarbeidd ein initiell driftskontrakt mellom Forsvaret og Kongsberg. Denne gjeld frå utløpet av garantitida for missila og fram til 2015. Driftskontrakten vil bli signert samstundes med eventuell inngåing av kontrakt for nyskaffing av missila.

Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

2.4 Nye C-130J Hercules transportfly (kapittel 1760)

2.4.1 Innleiing

Luftforsvaret vart tilført seks (6) C-130H Hercules middelstunge, taktiske transportfly i 1969. Desse transportflya har i lang tid hatt ein operativ status som ikkje har vore tilfredsstillande, med altfor store driftskostnader. Flya har ofte vore ute av drift på grunn av at vedlikehald har teke lang tid.

Våren 2006 vart det starta ein prosess som tok sikte på å utarbeide ei såkalla «konseptuell løysing» (KL) for nye transportfly. Dette dokumentet skulle vere ferdig i første kvartal 2007, og deretter skulle det bli utarbeidd ei såkalla «framskaffingsløysing» (FL), som i detalj skulle skildre korleis nyskaffinga var planlagt. Målet var at denne saka skulle bli lagt fram for Stortinget i samband med St.prp. nr. 1 (2008 – 2009). Neste trinn i prosessen ville då bli innhenting av tilbod, forhandlingar med aktuelle leverandørar og inngåing av kontrakt med den valde leverandøren slik at dei nye flya kunne verte operative i perioden 2014 – 2016, avhengig av vald flytype.

Forsvarsdepartementet har i analysen av behova, i «konseptuell løysing» for lufttransportkapasitet, konkludert med at Forsvaret har eit behov for både taktisk og strategisk lufttransportkapasitet. Den taktiske delen av denne kapasiteten bør vere under nasjonal kontroll og operasjon, medan den strategiske delen gjerne kan vere ein del av fleirnasjonale løysingar, der fleire nasjonar samarbeider i både nyskaffingsprosjekt og i drift og operasjon.

Ein nasjonalt kontrollert taktisk transportflyflåte vil i framtida ha ei sentral rolle i det norske forsvaret heime og som bidrag til internasjonale operasjonar ved behov. Transportflya vil også vere viktige for innsetting av FN-styrkar i ei fredsopprettande eller fredsbevarande oppgåve, og til sivile oppgåver som humanitær bistand og naudhjelp.

Det har i det siste tiåret vore gjennomført ei rekkje utgreiingar knytte til våre transportfly, om dei skal bli skifta ut eller om dei berre skal bli oppgraderte. I 1996/1997 vart det starta eit prosjekt for å skaffe til vege fly av typen C-130J-30 (ein forlengd versjon av C-130J). Prosjektet vart stoppa like før ein skulle underskrive kontrakta, grunna manglande tilgjengelege investeringsmidlar. Andre nasjonar som i dag opererer C-130J er USA, Australia, Danmark, Storbritannia og Italia.

2.4.2 Tilstanden på våre C-130H

For å ha ein naudsynt nasjonal flykapasitet i tida fram til Forsvaret ville få tilført nye fly, vart det i mars 2006 vedteke å skifte ut yttervengene på fire av våre seks fly. Føresetnaden var då at det ikkje var aktuelt å kjøpe inn nye transportfly dei nærmaste åra. I tillegg var det planlagt for ei mindre oppdatering av avionikken (flyelektronikken).

Etter at Stortinget vart informert om prosjektet, i St.prp. nr. 1 (2006 – 2007), har det kome fram opplysningar som indikerer at tilgjenge til oppdaterte fly kan verte lågare enn det som vart lagt til grunn ved vedtaket om vengebytte. Dette har skapt stor uvisse om tilgjenge på fly, og det er difor ikkje inngått avtale om avionikkoppdatering.

Det knyter seg stor uvisse om tilgjenge på gamle fly, sjølv etter oppgraderingar. Basert på Luftforsvarets og Forsvarets logistikkorganisasjon sine røynsler, er det jamvel ikkje grunn til å vente eit tilgjenge på meir enn om lag 50 prosent, sjølv etter ei begrensa avionikkoppgradering.

2.4.3 Operative utfordringar vedrørande flysikkerheit og styrkebeskytting

Noreg har for tida ikke ei reell taktisk lufttransportkapasitet, som følgje av tilstanden på våre C-130H.

Transporter inn og ut av Afghanistan vert i dag løyst med leigde sivile charterfly. Internt i Afghanistan (til dømes mellom Kabul, Meymaneh og Masar-e-Sharif) vert behovet dekt ved ein kombinasjon av eit leigd, lite sivilt transportfly og tilgjengelig leilegheitstransport på andre nasjonars militære transportfly som deltar i ISAF sitt lufttransportsystem (ITAS).

Problemet med dagens ordning er at den i stor grad baserer seg på kommersielle, sivile fly som ikkje kan operere dersom det skulle oppstå alvorlege trugsmål mot lufttrafikken. I tillegg er det eit generelt underskot på militær lufttransportkapasitet i Afghanistan. Noreg kan difor ikkje basere seg einsidig på andre nasjonars kapasitet. Lufttransport knytt til operasjonar er i prinsippet den einskilde nasjon sitt ansvar.

For tida er trugsmålet mot lufttrafikken i Kabul og Nord-Afghanistan vurdert å vere så vidt avgrensa at det er forsvarleg å fly sivile fly. Denne situasjonen kan imidlertid endre seg. Det er teikn på at fiendtlege element skaffar seg berbare luftvernmissil som kan utgjere eit alvorleg trugsmål mot lufttrafikken, og det har vorte brukt handvåpen mot militære transportfly både i luftromet over Kabul og andre stadar i Afghanistan. Det forventes at eit trugsmål fyrst vil oppstå i områda sør og øst i Afghanistan for så eventuelt å kunne bre seg til andre delar av landet.

På sikt må vi ta høgd for at situasjonen i Afghanistan, også i dei nordlege områda, kan endre seg. Vi må òg ta høgd for at ein eventuell FN-operasjon i Afrika, eller framtidige operasjonar andre stadar i verda, kan stå overfor trugsmål mot lufttrafikken, som krev bruk av militære transportfly. Med tanke på framtidige militære og humanitære innsatsar vil det vere viktig for Noreg å ha ein operativ, taktisk lufttransportkapasitet.

Taktiske transportfly er viktige for både militære og sivilrelaterte oppdrag innanlands. Likevel vert evna til å understøtte våre internasjonale operasjonar det kritiske punktet når ulike alternativ skal vurderast. I denne samanheng må det skiljas mellom ulike ambisjonsnivå. For å understøtte operasjonar over tid frå ein base i operasjonsområdet, vert det krevd høg tilgjenge på dei flya som skal operere ute, og i tillegg kapasitet heime til vedlikehaldstrening av flymannskapa og nasjonale transportoppdrag.

2.4.4 Rask nyskaffing av transportfly

I lys av det vi no veit om tilgangen til C-130H etter gjennomført vengeskift, samt ei vurdering av trugsmålsituasjonen i Afghanistan, gjorde regjeringa i desember 2006 vedtak om at Forsvarsdepartementet skulle undersøkje om det var mogeleg å nyskaffe på ein rask måte inntil fire (4) transportfly av typen C-130J. Departementet tok difor kontakt med nokre av våre allierte for å få oversikt over sjansane for kjøp eller leige av C-130J transportfly.

2.4.4.1 Kjøp

Den mest realistiske løysinga for å få på plass ein permanent kapasitet raskt var å nyskaffe fly som amerikanske styresmakter alt hadde tinga og som dei var villige til å la Noreg overta.

Prosjektet omfattar altså nyskaffing av fire C-130J-30 gjennom ein avtale («Foreign Military Sales»-avtale) mellom norske og amerikanske styresmakter. Første fly vil bli levert 2008, deretter levering av fly i 2009 og 2010. Nyskaffinga dekkjer det norske operative behovet for ein tilfredsstillende beredskap. Det er for tida ingen andre aktuelle kandidatar for ein rask nyskaffing av transportfly enn C-130J.

2.4.4.2 Leige

Regjeringa avklarte i r-notat i desember 2006 at leige av kapasitet i form av C-130J skulle undersøkjast. Noreg har vore i kontakt med dei tre største brukarane av C-130J (USA, England og Italia). Med unntak av Italia, er det ikkje tilgjengeleg kapasitet for leige. Italia har gjeve signalar om at det kan vera mogeleg å leiga ut eit fly for ein periode på 2-3 år. Tilbodet omfattar også trening av mannskap og bakkepersonell. Dette tilbodet har ikkje tilstrekkeleg omfang til å dekka vårt totale behov, og vil berre kunna fungera som eit supplement ved eventuell nyskaffing av C-130J. Leige av eit fly kan berre gje ein effekt ved at vi kan trena opp eige teknisk og operativ personell i forkant av ein vidare leveranse eller som eit supplement til ein eksisterande flåte med same type fly i eit kort tidsrom. De to siste brukarane av C-130J er Danmark og Australia. Australia er ikkje førespurt av reint praktiske årsaker, då eit eventuelt samarbeid om leigt kapasitet vil vera hemma av geografisk avstand. Danmark er i oppbyggingsfasen og har ikkje fly for lease/leige (dei har berre tre fly for augneblinken).

Det militære transportflymiljøet i Noreg er så vidt avgrensa at det å operera to eller fleire flytypar parallelt vil vera svært uhensiktsmessig. Dette vil i praksis gje liten operativ evne. Det er berre leige av flytype vi allereie er kjent med (C-130H) eller nyskaffar hurtig som kan vera aktuelt. På bakgrunn av tidligare utgreiingar, kjennskap til utviklinga i marknaden, samt ny informasjon frå samarbeidspartnarar i alliansen, har vi konkludert med at leige/lease av C-130H ikkje er eit alternativ.

Ein ser det ikkje som realistisk å leiga taktiske transportfly for å dekka Forsvaret sitt behov, bortsett i frå eventuelt leige av ein maskin i ein kortare periode som supplement til ein nyskaffing av C-130J.

2.4.5 Samarbeid med andre land

Noreg vil vurdere å delta i eit europeisk/amerikansk samarbeidsprosjekt, tilsvarande det samarbeidet som eksisterer på F-16, som dagens europeiske brukarar av C-130J er i ferd med å etablere saman med det amerikanske luftforsvar. Dette inneber at Noreg vurderer å kome med i eit multinasjonalt samarbeid for oppdateringar av flykapasiteten i framtida. Dette vil dekkje behovet for spesielle kapasitetar for taktiske operasjonar, meir generelle oppdateringar som er naudsynte for mellom anna luftromkontroll, samt, vonleg, felles løysingar for logistikk og trening.

2.4.6 Gjenkjøp/industrisamarbeid

I tråd med gjeldande retningslinjer for innkjøp av forsvarsmateriell frå utanlandske leverandørar, vil det bli kravd gjenkjøp for hundre prosent av verdien av kontrakten. Departementet har her ansvaret for å forhandle fram ei avtale om gjenkjøp. Inngåing av kontrakt for nyskaffinga vil bli gjort etter at avtala om gjenkjøp er på plass.

2.4.7 Tilrådd kostnadsramme

Den tilrådde kostnadsramma for materiellinvesteringa er 3 660 mill. kroner. Drifts- og vedlikehaldskostnader vil bli dekt over Forsvaret sitt driftsbudsjett.

2.4.8 Ekstern kvalitetssikring

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomførd i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet på ei såkalla «forenkla framskaffingsløysing».

Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma. Forsvarsdepartementet vil i sitt gjennomføringsoppdrag til Forsvaret følgje opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd. Tiltaka omfattar mellom anna etablering av ein heilskapeleg prosjektorganisasjon samt eit konkret styringsdokument med framdriftsplan for gjennomføringsfasen i samsvar med normal standard for store statlege prosjekt.

Til forsida