St.prp. nr. 78 (2006-2007)

Om investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

3 Tidlegare vedtekne prosjekt – Godkjenning av endring av omfang og kostnadsrammar (kapittel 1710 og kapittel 1760)

3.1 Nye lokale for redningshelikoptertenesta ved Bodø hovudflystasjon (kapittel 1710)

Prosjekt for nye lokale for redningshelikoptertenesta ved Bodø hovudflystasjon vart godkjend ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 121 (2006 – 2007), jf. St.prp. nr. 37 (2006 – 2007). Prosjektet vart godkjend med ei kostnadsramme på 108 mill. kroner.

Etter å ha henta inn tilbod på prosjektet finn ein at alle tilboda ligg høgt over kostnadsramma. Berekna kostnadsramme basert på lågaste tilbod er 130 mill. kroner. Den store aukinga i høve til godkjend kostnadsramme er grunna i høg aktivitet og auka prisar i byggjemarknaden.

På denne bakgrunn vert det foreslått å auke kostnadsramma for prosjekt for nye lokale for redningshelikoptertenesta ved Bodø hovudflystasjon frå 108 mill. kroner til 130 mill. kroner. For at 330-skvadronen skal få lokale som tilfredsstiller krav til helse, miljø og tryggleik, vert prosjektet vidareført utan opphald.

3.2 Nye fregattar (kapittel 1760)

3.2.1 Status i prosjektet

Prosjektet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 207 (1998 – 99), jf. St.prp. nr. 65 (1998 – 99). Hovudkontrakt for utvikling, design og levering av fem fartøy med tilhøyrande våpensystem og kommando- og kontrollsystem vart inngått med Empresa Nacional Bazan (seinare Izar og no Navantia).

Første fartøy, Fridtjof Nansen, vart overteke av Forsvarets logistikkorganisasjon den 5. april 2006. Fartøy nummer to, Roald Amundsen, vart overteke den 21. mai 2007.

Fregattprosjektet vart opphavleg vedteke med ei kostnadsramme på 12 240 mill. kroner (1999-kroneverdi). Ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 192 (1999 – 2000), jf. St.prp. nr. 48 (1999 – 2000), vart kostnadsramma auka til 14 066 mill. kroner (2000-kroneverdi). I denne justeringa inngjekk eskalering på grunn av årleg prisstiging, samt ei justering på grunn av større endringar sett i forhold til valutakursar. Vidare vart kostnader knytte til sjølve gjennomføringa av prosjektet tatt inn som ein del av prosjektet si totale økonomiske ramme. Innkjøp av Taktisk datalink-16 (TDL-16) til dei nye fregattane, med tilhøyrande omfangs- og rammeauke for fregattprosjektet, vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 225 (2002 – 2003), jf. St.prp. nr. 50 (2002 – 2003). Etter dette er prosjektet si økonomiske ramme justert for den årlege prisstiginga.

Utviklingsfasen for oppgraderinga av Evolved Sea Sparrow-missiler (ESSM) vart vedteke i samband med Stortinget si handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 7 (1994 – 95), jf. St.prp. nr. 1 (1994 – 95). Det er lagt til grunn at dei nye fregattane skal utrustast med ESSM som hovudvåpen mot lufttrugsmål. I St.prp. nr. 1 (1996 – 97) vart Stortinget informert om at missilet evt. skulle kunne verte omfatta av kostnadsramma for prosjekt Nye fregattar. Stortinget vart gjennom St.prp. nr. 50 (2002 – 2003) informert om ein auke av stykkprisen for ESSM. I samband med handsaminga av Budsjett-innst. S. nr. 1 (2006–2007), jf. St.prp. nr. 1 (2006 – 2007), vart det vedteke å auke prosjektet si kostnadsramme (post 45) med 581 mill. kroner for innkjøpet av ESSM. Etter den vedtekne rammeauken er prosjektet si kostnadsramme (post 45) 16 878 mill. kroner, og prosjektet sine kostnadar for gjennomføring (post 01) er 703 mill. kroner.

3.2.2 Status gjenkjøp fregatt

Navantia har med utgangspunkt i rapporten deira for 2006 oppfylt 99,7 prosent av gjenkjøpsforpliktinga, sju år etter at kontrakten vart inngått. Forsvaret si handsaming av rapporten vil erfaringsmessig redusere verdien av gjenkjøpet noko, om lag ein til to prosent. Med det departementet kjenner til av aktivitet mot industrien i Noreg i 2007, er Navantia i praksis ferdig med sin forplikting, tre år føre tida. Forsvarsdepartementet er generelt sett godt nøgd med korleis Navantia har løyst si gjenkjøpsforplikting.

I St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) vart Stortinget informert om den usemja mellom norske verft og Navantia om bygging av ytterlegare modular til fartøy nr. fire og fem, i tillegg til dei modulane dei alt har levert til dei tre første fartøya. Verfta har no kome til semje om vilkår for leveransar av modular til begge fartøya. Resultatet av forhandlingane mellom verfta er at Bergen mekaniske verkstad AS berre skal byggje modular til fartøy nr. fire, og ikkje til fartøy fem. Aker Yards Florø byggjer modular til begge fartøya, men talet på modular til fartøy nr. fem er redusert i forhold til fartøy nr. fire.

Riksrevisjonen har sett i verk ein revisjon av gjenkjøpet for dei nye fregattane.

3.2.3 Satelittkommunikasjon (SATCOM) til fregattane

Våre nye fregattar i Fridtjof Nansen-klassen er høgteknologiske plattformer med avanserte sensorar, samt våpen- og informasjonssystem. For at desse systema skal fungere så godt som råd, er det naudsynt og viktig at systema kan samverke og utveksle informasjon med andre system på andre plattformer.

Med den stadig aukande kompleksiteten og informasjonsmengda i systema, aukar og behovet for kapasitet i dei kommunikasjonskanalane som skal nyttast til å bere informasjonen mellom systema. Internt på fregattane er dette løyst gjennom kraftige datanettverk, som er særskilt laga for å transportere store mengder komplekse data mellom delsystema om bord. Med omsyn til kommunikasjon med andre eksterne system og plattformer, erfarer vi at utfordringa stadig blir større.

Dei gamle kommunikasjonsberarane, som i hovudsak er berekna for samtale over radio, har ikkje stor nok kapasitet for god datakommunikasjon. Det har difor vore naudsynt å sjå etter andre former for kommunikasjon til Forsvaret sine plattformer. Forsvaret har i noko tid nytta satellittkommunikasjon (SATCOM) i internasjonale operasjonar med gode røynsler. SATCOM har synt seg som ei god løysing både med omsyn til geografisk dekning og overføringskapasitet. Dei militære SATCOM-tenestene har dessutan synt seg å vere langt meir robuste enn dei sivile, kommersielle tenestene. Dette er viktig for avdelingar og plattformer som skal nyttast i internasjonale operasjonar og i andre krevjande situasjonar, nasjonalt og internasjonalt.

Nansen-klassen fregattar har vidare eit utal system som nyttar elektromagnetisk stråling (radio) som berar. Nokre av desse systema er fartøya sine sensorar, som er sårbare for stråling frå andre system, og som kan blindast av andre sterke radiokjelder ombord. Det er difor viktig at nye system har funksjonar som hindrar forstyrrande stråling mot andre system. Denne funksjonen finst berre i satellittutstyr laga for militært bruk. Militært satellittutstyr er dessutan mykje meir robust mot forstyrrande stråling frå andre kjelder.

I St.prp. nr. 50 (2002 – 2003) vart Stortinget informert om at innføringa av SATCOM på fregattane ville bli foreslått finansiert ved ein auke av totalramma for fregattprosjektet.

Det er difor ønskeleg at Nansen-klassen fregattar skal utstyrast med SATCOM som hovudkommunikasjonsberar, og det er laga ei framskaffingsløysning som definerer prosjektet. Dette prosjektet er vurdert å dekkje Forsvaret sine behov for satellittkommunikasjon på dei nye fregattane. Prosjektet har ei kostnadsramme (post 45) på 511 mill. kroner.

Det har òg oppstått eit behov for å kjøpe inn materiell for å betre arbeidssituasjonen for besetninga om bord på fregattane, knytt til biletoppbygging og situasjonsforståing. Kostnadsramma for dette er 15 mill. kroner.

På bakgrunn av det som stå over vert det foreslått å auke kostnadsramma for prosjekt Nye fregattar (post 45) med totalt 526 mill. kroner, frå 16 878 mill. kroner til 17 404 mill. kroner. Vidare er det venta at kostnadene for gjennomføring (post 01) aukar med 24 mill. kroner. Etter den føreslåtte rammeauken er kostnadsramma (post 45) 17 404 mill. kroner, og gjennomføringskostnadene (post 01) 727 mill. kroner.

3.3 Skjold-klasse missiltorpedobåtar

3.3.1 Status i prosjektet

Prosjektet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 11 (2003 – 2004), jf. St.prp. nr. 82 (2002 – 2003). Prosjektet omfattar produksjon av fem nye Skjold-klasse missiltorpedobåtar (MTB) til Sjøforsvaret, tilpassing av forseriefartøyet KNM Skjold, våpensystem, logistikk og opplæring.

Kontrakten vart underteikna i november 2003, og fartøya er planlagt leverte i perioden 2008 – 2009, med operativ drift frå 2009. Første fartøy, KNM Skjold, er planlagt levert medio 2007 etter ei skipsteknisk oppdatering. KNM Skjold skal brukast til testar av nytt utstyr og tene som skolefartøy for dei komande besetningane. Deretter går KNM Skjold tilbake til leverandøren ultimo 2008 for installasjon av våpensystem og vert såleis det sist leverte komplette fartøy. Første seriefartøy, KNM Storm, er planlagt levert primo 2008. Prosjektet for Skjold-klasse MTB-ar går etter planen, med unntak av gassturbinane som er hefta med forseinkingar.

3.3.2 Satellittkommunikasjon (SATCOM) til Skjold-klasse MTB-ar

Målsettinga med prosjektet for å etablere satellittkommunikasjon (SATCOM) for Skjold-klasse MTB-ane, er å tilføre fartøya betre sambandskapasitet slik at dei blir i stand til å operere i eit nettverksbasert forsvar (NbF) på ein tilfredsstillande måte. SATCOM er viktig for å oppnå tilfredsstillande kommando- og kontrollkapasitet både under nasjonale og internasjonale operasjonar, der det er eit særskilt behov for auka kapasitet, fleksibilitet og evne til sikker informasjonsutveksling. Installasjon av SATCOM på Skjold-klassen vil syte for at den totale operative kapasiteten blir utnytta på best moglege vis.

SATCOM vert òg i denne proposisjonen omtalt i samband med både fregattprosjektet og i samband med informasjonssaka om sikker tilgang til romsegment (satellitt) for satellittkommunikasjon. SATCOM til MTB-ane har ikkje tidlegare vore teke med fordi systemløysingane ikkje var godt nok vurderte. Prosjektet for satellittkommunikasjon til MTB-ane er rekna ut å koste 149 mill. kroner.

På bakgrunn av det ovannemnde vert det føreslått å auke kostnadsramma for MTB-prosjektet (post 45) med totalt 149 mill. kroner, frå 4 714 mill. kroner til 4 863 mill. kroner, for SATCOM. Vidare er det venta at kostnadane for gjennomføring (post 01) aukar med 2 mill. kroner, frå 125 mill. kroner, til 127 mill. kroner.

Norsk industri vil delta i prosjektet der det er føremålstenleg. Dersom utanlandsk leverandør blir vald, vil det bli kravd gjenkjøp.

Til forsida