St.prp. nr. 78 (2008-2009)

Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

3 Lokalpolitisk behandling

Det er i lang tid blitt arbeidd med ei Bømlopakke. Kommunestyret har hatt saka oppe til behandling fleire gonger.

Fylkestinget i Hordaland behandla saka fyrste gongen 13. juni 2007. Fylkestinget fatta følgjande vedtak:

  • 1. Fylkestinget ser det som viktig å få utbedra vegnettet på Bømlo og er positive til bompengeinnkreving for delfinansiering av Bømlopakken.

  • 2. Fylkestinget tilrår bompengesøknaden for Bømlopakken med ein maksimal bompengedel på 313 mill. kr (2005-kr). For å oppnå ein slik bompengeandel vert det opp til Bømlo kommune å finne løysingar for manglande bompengeinntekter med enten auka bompengesatsar, fleire bomstasjonar eller lengre innkrevingstid.

  • 3. Fylkestinget går inn for at det vert lagt opp til ei prioritering av statlege riksvegmidlar og fylkesvegmidlar i samsvar med søknaden.

  • 4. Fylkestinget legg til grunn at utbyggingstiltaka i bompengepakka til ei kvar tid må tilpassast dei samla inntektene.

Kommunestyret hadde saka oppe til ny behandling 24. september 2007 og fatta vedtak om å auke innkrevjingstida frå 10 til 15 år.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eit regionråd for åtte kommunar. Desse er Austevoll, Fitjar, Tysnes, Stord, Kvinnherad, Sveio, Etne og Bømlo. I tillegg har Vindafjord og Haugesund status som observatørar. Eit samla råd har gjennom lang tid støtta opp om arbeidet med Bømlopakken. Det er utarbeidd ein eigen samferdselsplan for Sunnhordland der Bømlopakken inngår. Bømlopakken var sist oppe til behandling i samarbeids­rådet sitt møte 12. september 2008.

På grunn av kostnadsauke og anna tidsmessig prioritering mellom prosjekta blei eit revidert opplegg lagt fram for ny lokalpolitisk behandling. Saka blei behandla av kommunestyret 15. desember 2008. Kommunestyret gjorde følgjande vedtak:

  • 1. Bømlo kommune godkjenner nye føresetnader og endringar i grunnlaget for Bømlo kommune sin bompengesøknad.

  • 2. Bømlo kommune bed ordføraren og rådmannen drøfte med Hordaland fylkeskommune etablering av bompengeselskap. Bømlo kommune ynskjer primært å knyta seg til fylkeskommunalt bompengeselskap som er under etablering.

  • 3. Bømlo kommune gjev ordførar og rådmann fullmakt til å søkje Hordaland Fylkeskommune om fylkeskommunal garanti for naudsynt låneopptak.

  • 4. Kommunestyret legg til grunn at Bømlopakken vert organisert med eit rabattsystem for brukarar som til dømes i Haugalandspakken. Dersom det kjem endringar av dagens rabattsystem for bompengeinnkreving som fylgje av nye reglar frå EU/EØS vil Bømlo kommune vurdera innføring av eigen rabattording for yrkespendlarar som sikrar at denne gruppa ikkje får høgare kostnad enn med dagens system. Kommunestyret er kjent med at endelege detaljar for ei slik ordning må utarbeidast og godkjennast i samråd med Statens vegvesen/Vegdirektoratet.

Av pkt. 4 i vedtaket går det fram at Bømlo kommune ønskjer eit rabattsystem som til dømes i Haugalandspakken. Vidare vil kommunen vurdere å innføre ei eiga rabattordning for yrkespendlarar. Statens vegvesen viser til at Haugalandspakka har rabattordningar med 30-50 pst rabatt ved forskotbetaling, passeringstak med maks. 75 passeringar pr. månad og timesregel. Statens vegvesen viser vidare til at det ikkje er lagt til grunn passeringstak og timesregel i finansieringsføresetnadene for Bømlopakken. Statens vegvesen har tatt opp med kommunen kva som ligg i den første setninga i pkt. 4. Bømlo kommune har stadfesta at det ikkje er eit absolutt vilkår frå kommunen si side at det blir innført timesregel og passeringstak. Dersom det skal innførast ei rabattordning for yrkespendlarar, føreset Statens vegvesen at dette blir ei lokal ordning med tilskot/refusjon og ikkje ein del av takst- og rabattsystemet for Bømlopakken. Samferdsels­departementet er samd i desse vurderingane.

Fylkestinget behandla saka 18. mars 2009. Fylkestinget fatta følgjande vedtak:

  • 1. Fylkestinget godkjenner revidert bompengesøknad for Bømlopakken, og tilrår at bompengedelen vert utvida frå maksimalt 313 mill. kr (2005-kr) til 642 mill. kr (2009-kr).

  • 2. Fylkestinget viser til sitt tidlegare vedtak om bompengepakken frå 13.06.2007, og vil prioritere dei statlege midlane i finansieringsplanen innanfor ramma for det nye fylkesvegnettet frå 2010. I tillegg kjem prioriteringa innanfor ramma av dagens fylkesvegnett.

  • 3. Fylkestinget godkjenner at det vert etablert eit bompengeselskap for Bømlopakken der fylkeskommunen har eigarmajoritet og fleirtal i styret. Fylkesutvalet får fullmakt til å teikna aksjar i selskapet og oppnemna styremedlemmar for fylkeskommunen.

  • 4. Hordaland fylkeskommune gjev sjølvskuldnargaranti på inntil 350 mill. kr til lån, som bompengeselskapet tek opp til delvis bompengefinansiering av Bømlopakken. Garantien gjeld i inntil 15 år. Fylkeskommunen kan krevje pant i retten til å krevja inn bompengar.