St.prp. nr. 78 (2008-2009)

Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

6 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet vil peike på at det er stor uvisse i mange av kostnadsoverslaga for prosjekt og tiltak i Bømlopakken. Dette er ein vanleg situasjon for ei pakke med mange prosjekt og tiltak som skal gjennomførast over ein lang periode. For dei prosjekta som er prioritert for oppstart i perioden 2009-2013 ligg det føre godkjente reguleringsplanar. Omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. Sidan Bømlopakken i stor grad omfattar utbetringstiltak og mindre prosjekt, bør det ikkje vere problematisk å tilpasse utbygginga til tilgjengelege midlar.

Alle riksvegprosjekta innanfor Bømlopakken er på den delen av det øvrige riksvegnettet som er foreslått overført til fylkeskommunane når forvaltningsreforma trer i kraft i 2010. Dette inneber at Hordaland fylkeskommune er ansvarleg for å løyve føresette statlege midlar til Bømlopakken frå 2010. Samferdselsdepartementet viser til at fylkeskommunen har slutta seg til dette.