St.prp. nr. 78 (2008-2009)

Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag og nytte av utbygginga

Trafikkgrunnlag

Trafikktala som er nytta i bompengesøknaden er basert på ei framskriving av registrert trafikk på rv 542 frå 2005 til 2014 som er basisåret for utrekningane. Tala er kontrollerte opp mot teljingar i 2006. Det er tatt utgangspunkt i dagens trafikk som passerer gjennom Trekantsambandet sin bomstasjon i retning Bømlo. Denne trafikken er estimert til 2 310 køyretøy pr. døgn i 2014 og vil i all hovudsak tilsvare trafikken gjennom den framtidige bomstasjonen for Bømlopakken. I tillegg kjem trafikken i ferjesambandet Langevåg – Buavåg på 230 køyretøy pr. døgn. Det er ikkje tatt omsyn til at det er lagt til grunn lågare takstar for Bømlopakken enn i dagens bompengeordning for Trekantsambandet.

Statens vegvesen har nytta sin regionale persontransportmodell for å rekne ut trafikkgrunnlaget. Analysen viser ein årsdøgntrafikk i 2014 på 3 100 køyretøy gjennom bomstasjonen, og ein årsdøgntrafikk på ferja mellom Langevåg og Buavåg på 125 køyretøy. Det er rekna med nedgang i trafikken på ferja fordi det blir innført bompengeinnkrevjing på ferja samstundes som bompengetakstane for det faste vegsambandet blir redusert.

Det er også gjennomført ei framskriving av registert trafikk til og frå Bømlo kommune der det er lagt til grunn lågare bompengetakster for Bømlopakken enn i dagens bompengeordning. I denne analysen er trafikkgrunnlaget i 2014 estimert til mellom 2 680 og 3 040 køyretøy pr. døgn med høvesvis låg og høg trafikkvekst. I ferjesambandet Langevåg - Buavåg er det nytta dei same trafikktala som er rekna ut i den regionale modellen, dvs 125 køyretøy pr. døgn. Denne framskrivinga er gjort for å samanlikne og kvalitetssikre trafikkgrunnlaget som er rekna ut med den regionale modellen.

Statens vegvesen har tilrådd at det blir lagt til grunn eit trafikkgrunnlag i 2014 gjennom bomstasjonen for Bømlopakken på 2 700 køyretøy (ÅDT) og i ferjesambandet Langevåg – Buavåg på 125 køyretøy (ÅDT) i 2014. Ved fastsettinga av trafikkgrunnlaget har Statens vegvesen lagt til grunn eit frådrag på 100 køyretøy (ÅDT) for manglande betaling frå utanlandske køyretøy. Det er rekna med ein årleg trafikkvekst på 1,1 pst frå 2014-2020 og 1,5 pst frå 2020-2030. Dette er i tråd med prognosane som er utarbeidde for Hordaland i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2010-2019.

Nytte av utbygginga

Det er gjennomført samfunnsøkonomiske analysar for prosjekt og tiltak i Bømlopakken basert på det plangrunnlaget og dei kostnadsoverslaga som låg føre pr. januar 2009. For dei fleste prosjekta og tiltaka er nettonytten positiv. Dette skuldast i hovudsak reduksjonar i transportkostnader og ulykkeskostnader. For større prosjekt som skal gjennomførast på dagens øvrige riksvegnett fram til 2013 (prioritet 1 og 2) er samfunnøkonomisk netto nytte følgjande:

Rv 542 Hollundskjosen – Hollundsdalen: netto nytte (NN) er 50 mill. kr og netto nytte over kostnad (NN/K) er 1,7.

Rv 542 Hollundsdalen – Stokkabekken: NN er 40 mill. kr og NN/K er 0,4.

Rv 541 Stokkabekken – Rubbestadneset: NN er 15 mill. kr og NN/K er 0,1.