St.prp. nr. 80 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 73/2004 av 8. juni 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/71/EF om det prospektet som skal offentleggjerast når verdipapir vert lagde ut til offentleg teikning eller vert tekne opp til omsetnad (prospektdirektivet)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Direktiv 2003/71/EF om prospekt som skal offentleggjerast når verdipapir vert lagde ut til offentleg teikning eller vert tekne opp til omsetnad, vart vedteke 4. november 2003. Direktivet erstattar direktiv 89/298/EØF om samordning av krava til utforming, kontroll og spreiing av prospekt som skal offentleggjerast når verdipapir vert lagde ut til offentleg teikning. Vidare erstattar det delar av direktiv 2001/34/EØF om vilkår for opptak av verdipapir til notering på børs, i tillegg til opplysningar om desse instrumenta. Hovudføremålet med direktivet er å gjere det enklare og rimelegare for føretak å hente inn kapital i den europeiske verdipapirmarknaden. Direktivet freistar å gje fleksible ordningar for utferdarselskapa, utan at dette går ut over omsynet til investorane. Prospektkrava er baserte på internasjonale standardar.

Dei mest sentrale føresegnene i direktivet inneheld reglar om i kva tilfelle det skal utferdast prospekt, og om utforming av og kontroll med prospekt. Det vert lagt opp til at prospekt som vert godkjende etter direktivet i ein medlemsstat (heimstaten), skal kunne få eit «EØS-pass» slik at det ikkje er naudsynt å søkje om ny godkjenning dersom utferdaren samstundes eller seinare (innanfor den perioden prospektet er gyldig - hovudregelen er 12 månader etter godkjenninga), ønskjer å gje eit offentleg tilbod eller få verdipapira opptekne på regulert marknad i ein annan medlemsstat. Dermed vert det mindre høve for statar som ikkje er heimstatar for prospektet, til å krevje at heile prospektet vert omsett til deira språk. Ein vil likevel alltid kunne krevje at eit samandrag av prospektet vert omsett til språket i den staten som tilbodet vert retta mot eller der verdipapira vert tekne opp til handel. Det er vidare fastsett reglar for korleis eit prospekt skal offentleggjerast, og for annonsering i samband med utferdinga.

Direktivet inneheld i tillegg til dei materielle føresegnene, reglar om kva styresmakter som skal ha kompetanse til å godkjenne prospekt og kva verkemiddel og sanksjonsmakt desse skal ha.

Direktivet er ein del av EU sin handlingsplan for finansielle tenester (Financial Services Action Plan). Direktivet er eit rammedirektiv som ein reknar med vil verte utfylt gjennom regelverk som er fastsett ved komitologiprosedyrar (dvs. at Kommisjonen har fått delegert makt frå Rådet, men får hjelp av ekspertar frå medlemsstatane). Kommisjonen har til no vedteke ei forordning (kommisjonsforordning 2004/809/EF) med utfyllande føresegner til direktivet.

Fristen for gjennomføring av direktivet og dei tilhøyrande utfyllande føresegnene i EU er 1. juli 2005.

Til forsida