St.prp. nr. 80 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 73/2004 av 8. juni 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/71/EF om det prospektet som skal offentleggjerast når verdipapir vert lagde ut til offentleg teikning eller vert tekne opp til omsetnad (prospektdirektivet)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Gjeldande norske prospektkrav ved offentlege tilbod følgjer i dag av lov av 19. juni 1997 nr. 98 om verdipapirhandel (verdipapirhandellova) kapittel 5. Reglar om krav til prospekt ved opptak av verdipapir på regulerte marknader, børs og autorisert marknadsplass, er fastsett i lov av 17. november 2000 nr. 80 om børsverksemd m.m (børslova) med forskrifter.

Gjennomføringa av direktivet vil i første rekkje medføre endringar i kapittel 5 i verdipapirhandellova, i tillegg til nokre mindre endringar i børslova. Ei breitt samansett arbeidsgruppe gjorde 1. juni 2004 eit framlegg til Kredittilsynet om korleis direktivet kan gjennomførast i norsk rett. Etter at framlegget er handsama i styret til Kredittilsynet, vil tilsynet sende ei tilråding til Finansdepartementet om korleis direktivet bør gjennomførast. Desse dokumenta vil danne bakgrunnen for høyringsbrevet til departementet, som vil verte sendt ut i løpet av sommaren 2004.

Direktivet er eit fullharmoniseringsdirektiv. Det vil seie at medlemsstatane innanfor verkeområdet til direktivet pliktar seg til å fastsetje dei reglane som direktivet inneheld, i motsetnad til minimumsdirektiv der medlemsstatane kan velje å fastsetje strengare reglar enn dei som direktivet omfattar. Utanfor verkeområdet til direktivet har medlemsstatene likevel høve til å fastsetje eigne reglar om prospekt.

Finansdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med dei naudsynte lovendringane.

Til forsida